Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2017

Å vakne på ein fjelltopp!

Bilde
Vengedalen i blåtimen Fekk eit innfall på torsdags kveld, og fredag etter jobb la eg i veg frå Øvre Kavli mot steinhytta "Vår" som ligg rett under toppen på Loftskarstind. Har vore innom der fleire gonger før, og yr.no meldte stor sol og ingen skyar på laurdag, så hadde stort håp om å få med meg ein nydeleg soloppgang. Kan med ein gong sei at alle forhåpningar vart innfridd, og vel så det! Hytta er lita, men det er ingen problem og overnatte her, ein kan vere fleire også om ein er gode vener! I hytta ligg det ei bok om korleis hytta vart til, og eg bøyer meg i steinrøysa for dei to som bygde denne. Vi snakkar ståpåvilje!  Etter ein betre middag og lydbok sovna eg som ein stein, og sov kjempegodt heile natta. I frykt for å gå glipp av fargespelet på himmelen, sette eg på vekkarklokka. Men, vakna av meg sjølv i god tid før det og rakk eit par kaffekoppar før eg måtte ut med fotoapparatet.  Break of day! Vengetindan og langt bak til høgre, Ro