Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2013

Tur til Skåla og Skålaksla igår

Bilde
I går tok eg turen til Skåla, den høgaste fjelltoppen i Molde kommune. Etter ein betre lunsj(?!?!) på toppen av Skåla, sette eg kursen mot Skålaksla, panoramatopp veit du! Fin liten omveg og fin nedkjøring på aust-sida av Skåla. Føret ned var ikkje det beste, men kva gjer vel det når turen i seg sjølv var veldig bra!! For ei påske det har vore!

Indergardsnebba, Batnfjorden

Bilde
Idag har det rett og slett vore ein heilt nydeleg dag, og Tonje, Olav og eg tok turen til Indergardsnebba i Batnfjorden. Start frå Silset, opp kleiva og forbi Silsethytta, før vi fulgte traseen til Silsetrenna til topps. Ein del snø nede i skogen, men øverst oppe var det ikkje meir enn kva det måtte vere. Men likevel greie forhold på nedturen. På toppen var det blikkstille, vi traff kjentfolk og kunne nyte utsikta før vi sette snuten ned igjen til bøgda. Konstanterer at påska så langt har vore ein stor suksess då eg har fått fregner på øra!! Takk for turen Sæters! Batnfjorden sett frå nebbå Sæters i godt driv ovanfor kvilar'n Klæva e unnagjort Trollveggen og alle andre praktfjell på Nordmøre, i Romsdal og på Sunnmøre kan du sjå frå nebbå Traff på kjentfolk der oppe også! The cool gang :-) batnfjorden Særs godt nøgd førstebestigar av nebbå

Pudderjakt på Kvannfjellet i lag med Tonje

Bilde
I går vakna eg opp til nysnø og tenkte at her måtte ein ut på tur og sjå om ein kunne finne litt pudderføre. Tonje og eg tok turen til Kvannfjellet, den høgaste fjelltoppen i Fræna, ilag med maaaaange andre..... Turen opp gikk fint, men det var særs lite utsikt. Sola greidde nesten å brenne av skydekket, men det vart med nesten. Men trass i tidvis lite sikt og mykje kvitt lys, så gjekk det overraskande godt ned igjen. Det var ganske så fint føre ned til skoggrensa, men der var snøen vorte god og blaut. MEN, uansett ein kjempefin tur, som vart avslutta med pinnekjøttafterski i Batnfjorden- herrrlig! Og, takk for turen Tonje!      

Film frå Kjerringhjåen - Virumkjerringa 23 mars 2013

Bilde
Her er film frå den flotte turen over Kjerringhjåen på Virumkjerringa sist laurdag. Nok ein gong- takk for turen! Trykk på denne linken for å sjå filmen:  https://vimeo.com/62781602

Panoramajakta held farm; Kjøvskardtind 1552 moh, Isfjorden

Bilde
Gårsdagen vart nok ein nydeleg dag på fjellet. Våkna tidleg og sette kursen mot Isfjorden og dagens mål, Kjøvskardtind. Eg starta frå Øvre Kavli og fekk ein litt kjedeleg tur innover i starten, men med slike omgjevnadar er det heilt greit med ei transportetappe! Når motbakken "endeleg" starta, så gjekk det ganske radigt oppover fjellet. Ganske overraska over at eg hadde fjellet for meg sjølv, men heilt greit, har ikkje behov for å gå i kø!! Oppe på toppen var utsikta formidabel. Kan likevel konstatere at det er lite snø på mange fjell, og dersom det ikkje kjem eit krafig påfyll utan vind, så spøker det for skiføret utover våren. Føret ned var ikkje av den fine sorten, vindpakka, solpåvirka, oppkjørt, tynt skarelag og 2 meter pudder  gjorde at turen ned ikkje vart den beste. MEN kva gjer vel det når turen totalt sett var heilt nydeleg?!?! Panoramatopp nr. 75 er teke, og eg har berre 2/3 av toppane igjen..... Kavlisetra, Gjuratind og Morgådalstindane