Innlegg

Viser innlegg fra april, 2012

Flott dag i Ålvundfjorden

Bilde
Er barnevakt i helga for Thea og Sigve og idag har vi storkosa oss i Ålvundfjorden. Idag kom endeleg sola fram igjen og vi var ikkje treig med å pakke sekken og gjere oss klar for ein dag ute. Vi allierte oss med gjengen på Gjøra og sette kursen utover. Dagen gjekk med til leik i fjæra, steiking av pannekaker og pølse, mykje badminton og ellers leik og kos ute. Og jaggu meg så dukka mamma også opp! Søndagstur.. Kjempedag! Takk for turen Thea, Sigve, Marianne, Roger, Nora og mamma!

Kalvgjeltind, 1279 moh, Vistdal

Bilde
Idag tok eg ein ettermiddagsskitur til Kalvgjeltind ved Vistdalsheia. Fin tur, men var ikkje akkurat mykje til føre å skryte av....var som å gå i hengemyr på veg opp og ditto tungt å få svinga på tur ned...Trur at skitura no til dags må ha TIDLIG start!! Meir info om turen finn du her . Utsikt innover Håndedalen mot Kvitfjellet, Styggeværshaugen, Helvetestinden og Melkallen Vasstindan, med Vasstindbu i framkant Vasstindan, Kjøvskartind og Kirketaket Mot Vistdalen Vasstindan, Kjøvskardtind, Kirketaket, Klauv osv. Utsikt heilt til Molde Toppen av Kalvgjeltind

Sandtinden, 1065 moh, og Sprovstinden, 1194 moh

Bilde
Dagen starta med særs lågt skydekke og pissregn og den avtalte fergeavgangen for skitur gikk ut. MEN, hadde ikkje lyst til å gi opp, så satt klar med pakka ryggsekk og bil og venta på betre ver. Heldigvis slo det til og eg var rask å komme meg over fjorden. Har i lengre tid tenkt at eg må ta turen til Sandtinden og Sprovstinden, med start frå skianlegget på Ørskogfjellet. Desverre så greide ikkje sola å brenne bort all skodda på toppen av Sprovstind, så eg er framleis uviss på utsikta derifrå! Men, bra avslutning på helga! Kart og meir info om turen finn du her og her . Utsikt over Ørskogfjellet Happy skier Og så kom? eller gikk? skodda utsikt frå toppen av Sandtinden Toppen av Sandtinden Omtrent det eg fikk av utsikt i dag etter å kome til topps på Sandtinden På veg til Sprovstind Utsikta frå Sprovstinden... Skodda letta litt på veg ned igjen

Kvassetind, 1376 moh, og Storbua, 1498 moh, Måndalen

Bilde
Våkna opp i dag tidleg og forstod raskt at ein måtte vere effektiv på jobb, så ein så fort som råd kunne komme seg ut på skitur. Turen idag gikk til Kvassetind, 1376 moh, og nabotoppen Storbua, 1498 moh, i Måndalen. Fin tur i kjempever med fantastiske fjell på alle kantar. Einaste minuset er at det er dørgande kjedelig å gå inn til Månvassetra før ein kan begynne å sluke høgdemeter... Lånte eit par særs lette rando ski av Tonje, var så lette at eg ikkje merka dei var på! Skriv på ønskelista ;-) Super start på helga! HER er kart over turen . utsikt frå toppen av Kvassetind mot Molde og Jendemsfjellet Utsikt frå toppen av Kvassetind mot Måndalen og Isfjorden Happy skier, med solbrilleskille! Ved utløpet av Månvatnet, Trollvasstinden i bakgrunn Storbua til venstre og Kvassetind til høgre Sandtind og Geitmjølktind På veg til Storbua etter Kvassetind (midt i bildet) Sola var på meg når eg var på veg ned frå fjelle

Nydeleg ettermiddag på Moldefjorden

Bilde
Frk. yr lovde bortimot vindtstille etter arbeidstid idag, og da var det på tide å ta ut kajakken ut på fjorden igjen. Det VART vindstille og god temperatur, og eg fekk ein nydeleg ettermiddag på hjå Moldivene! Var kjempestor fjøre, så kunne komme tørskodd på dei mest utenkelege plassar. På den ytterste nøgne ø utanfor Hjertøya, ein holme utanfor Hjertøytangen tok eg pause, drakk te og nytte utsikta. Herrrlig! FILM frå turen her .

Loftskardtinden 1191 moh - Galtåtind 1124

Bilde
Idag benytta eg meg av fleksitid-frynsegodet og stakk til fjells på den vermessig beste dagen på lange tider. Sette kursen mot Isfjorden og hadde planer om å gå opp til Loftskardtind først, så traversere eggen bort til Galtåtind. Som sagt så gjort! Vart ein nydeleg tur, knallblå himmel, greit føre, fantastisk utsikt, vindstille, fregnesamling, heilt stille - rein og skjær lykke! Glisar enda, og kjem til å gjer det ei stund til! Meir info om ruta opp til Loftskardtind finn du HER .