Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2014

Sommar i Sunndalen.

Bilde
Helgatur i Sunndalen med sykkel og bading! Det er mange fine bakvegar og gamlevegar å sykle oppover Sunndalen. Reine linjer. Flott strand, men litt småkaldt i vatnet! Desse er det mange av i Sunndalen. Flott innramming av kornåkrane. Kulpainnj på Grøa, flott badeplass! Treng ikkje badeland når det er naturlege vannsklier! Skjørt er på moten i år!

Livet ved fjorden vol 2

Bilde
Det har vore fine sommardagar i det siste, skikkeleg sydenstemning! Derfor har det vore mange vass-relaterte aktivitetar. Omtrent som i Syden! SUP er tingen, sjøl om det var litt vanskelig å stå! Finn fred og ro på brettet! Langvatnet i Fræna Mat må badeheltar ha! Pannekaker og pølse! Nydeleg kajakktur på fjorden i går.  Nydeleg å ta ei kaffekopp i Kringstadbukta Store og mindre båtar!

Panoramajakta held fram; Næremstindan 1164

Bilde
For eit par veker siden prøvde eg meg på Næremstindan. Då var planen å gå traversen mellom dei to toppane på 1111 moh oh 1164 moh. Då vart eg stoppa av ein stygg og stor hammar som eg ikkje fann vegen over...Så idag har eg vore tilbake for å gjere meg ferdig med Næremstindan! Denne gongen starta eg nede ved Dalelva som renn langs vegen til Kjersemsetra. Følgde skogsveg eit lite stykke før det barst rett til værs! Ingen tydeleg sti oppover lia, men fann ein del dyretråkk som eg kunne følge store delar av vegen. Oppe på ca 500 moh sikta eg meg inn på ryggen vest for toppen av Næremstindan. Det er berre to ting å seie om dei neste 600 høgdemetra - bratt og tungt! Rett under toppen   Rett før motbakken tek slutt. Etter mykje pust og pes var eg endeleg oppe på ryggen, så var det berre å følge ryggen til topps. Første varden, med utsikt til Høgsvora. Det er lett å bli lura av kva som eigentleg er toppen. I det eg kom opp ryggen møtte eg ein stor varde, ikkje toppe

Panoramajakta held farm; Midthøin 1511, 1534 og 1574 moh

Bilde
Laurdag ettermiddag køyrde eg inn til Isfjorden, inn i Grøvdalen og så langt bomvegen gikk inn i Sørendalen. Så var det å pakke sekken for eit par overnattingar og gje seg avgarde. Fin og flat sti innover dalen først, men etter å ha kryssa elva på hengebrua under, vart det BRATT heile vegen opp Loftdalen til Grøvdalsbakken. Fin utsikt mot Kjøvskardtind, Klava og Kirketaket. Vel oppe ved Grøvdalsbakken flata det endeleg ut, og området rundt Nedre Bakkevatn var verkeleg fint! Grøvdalsbakken og Nedre Bakkevatnet Etter ei lita kneik til var eg oppe ved Langtjønna, og her vart utsikta rett så fin. Til venstre på bildet er Morgodalstindane, resten er Kirketaket, Klauva, Kjøvskardtind og Vasstindan. Inne ved Haudukhytta og Øvre Bakkevatnet slo eg leir for kvelden, og fekk ein nydeleg kveld på kjøpet! Juratind i kveldslys Det var eg og myggen... Før og etter sola gjekk ned var det rett og slett nydeleg å ligge i lyngen og berre nyte utsikta! Studere ruteval