Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2014

Kajakk og sykkel - ein nydeleg sommardag!

Bilde
I dag har det vore ein nydeleg sommardag og den har eg brukt ute!

Eit par dagar i Tromsø

Bilde
Har vore eit par dagar i Tromsø på jobb. Ein fin og triveleg by det allverdens er kjekt å kome tilbake til. Eg skal garantert tilbake mange gonger!

Weekend i Hammerfest

Bilde
Fin flytur oppover Torsdag kom eg til Hammerfest for å besøke gamle kjente. Har hatt ein "arbeidsdag" i Husbanken, og treft gamle kollegaer, vore på fjellturar og hatt årsmøte i "Slappfiskens venner" - mykje skitprat og kos! Det har og vore eit lite klimasjokk, landa i 2 varme grader, sludd og snøbyger og frisk vind. Var litt av ein overgang frå 20+ i Molde dagen før. Så her var det fram med stilongs, hue og votta og boblejakke! I kveld reiser eg vidare til Tromsø og to dagar på konferanse. Her er litt frå opphaldet. Store forhold på flyplassen i Hammerfest Kjekt og ete frokost med denne blide solstrålen! God stemning på hotel Eira! Det er heller ingenting og seie på frukosten! På veg til Tyven På toppen Sirævva splitthopp! Kjekt å vere tilbake på Tyven, første gong sidan 2009! Vart så tung i kroppen, høydesyka??? Ganske så freskt på toppen... Utsikt over Rypefjord og Hammerfest, Sørøya i det fjerne. Håja

Konfirmasjon Thea

Forrige søndag vart Thea konfirmert. Det vart ein flott dag med mykje god mat, talar og kjekt selskap. Eg fekk den ære å vere "hoff-fotograf", og det vart mange både, fine, kule og artige bilder! Tusen takk for at eg fekk feire denne flotte dagen saman med deg Thea og resten av familien! Har laga eit lite lysbildeshow, klikk på lenka så får du sjå! https://vimeo.com/96220507

Panoramajakta held fram på Trollstigen.

Bilde
Trollstigen har opna, og med dagens ver var det ikkje noko å vente på. Benthe, Marte og eg heiv oss i bilen og sette kursen mot Trollstigen. Allerede på fergekaia var det klart at vi ikkje vart åleine på fjellet....Vi hadde sikta oss inn mot toppane Småholtinden øst og den namnlause toppen 1562 vest for Alnestind, mellom Alnestinden og Ringshornet, og det var vi glad for. På Alnestinden og Finnan var det reine 17.maitoget og vi fekk gå meir i fred. Vi starta frå Slettvikane og gikk på ski frå vegkanten. Etter eit par timar var vi oppe på første toppen og eit kvarter seinare på den andre toppen. Aldeles nydeleg skitur, med knallblå himmel og sol. På toppen var det ganske sur vind, så vi var raske med å sette kursen ned igjen. Dei første 500 høgdemetra var det nydeleg føre, var berre å gunne på! Etter ein lengre solings og etingspause tok vi fatt på dei siste knappe 400 høgdemetra, og der var føret alt anna enn nydeleg....VM i pillråtten snø, skia skjærte seg ned i snøen og lyset vart v