Innlegg

Viser innlegg fra september, 2014

Fesketur på Moldefjorden

Bilde
I kveld har Benthe, Tonje, Per og eg vore på fisketur på Moldefjorden. Aldeles nydeleg, og vi fekk fisk, makrell for det meste. Vi venta forgjeves på moidd'n, altså torsken! Eg fekk 4 makrell i ei klyse, har aldri skjedd før!!

Tusen takk for turen, gler meg til neste tur!










Kajakk rundt Moldivene - ein nydeleg kveld på fjorden!

Bilde
TEKST? UNØDVENDIG!










Panoramajakta held fram; nydeleg døgn i Romsdalen og to panoramatoppar.

Bilde
Mandag pakka eg bilen og sette snuten mot Åndalsnes og Soggemoen. Pakka sekken for overnatting og la i veg oppover mot Norafjellet. Det er godt merka sti opp dit, men den er bratt, så det vart mykje pust og pes. Dette var fort gløymt når eg kom opp på Norafjellet. For eit syn som møtte meg! Trollveggen i all sin prakt på høgre side, Romsdalshorn og Vengetindane midt i mot og Blånebba og Juratind til venstre. Det var omtrent slik at eg måtte klype meg i arma, og tenkte at nærare himmelen enn dette er det ikkje mogleg å kome!

Så var det å få opp teltet og ete middag. Etter kvart som kveldslyset kom vart det meir og meir spektakulært for kvart minutt som gjekk. Det rosa kveldslyset gav majestetane i kring meg eit magisk lys og eg prøvde etter beste evne å få dei fantastiske omgjevnadane på minnekortet.










Etter at kveldssola hadde gjort sitt for fjelltoppane, så var det berre å snu seg andre vegen og få med seg ein nydeleg solnedgang vestover. Å ligge på fjellet med ei øl, og høre rypa &qu…