Panoramajakta held fram; nydeleg døgn i Romsdalen og to panoramatoppar.

Mandag pakka eg bilen og sette snuten mot Åndalsnes og Soggemoen. Pakka sekken for overnatting og la i veg oppover mot Norafjellet. Det er godt merka sti opp dit, men den er bratt, så det vart mykje pust og pes. Dette var fort gløymt når eg kom opp på Norafjellet. For eit syn som møtte meg! Trollveggen i all sin prakt på høgre side, Romsdalshorn og Vengetindane midt i mot og Blånebba og Juratind til venstre. Det var omtrent slik at eg måtte klype meg i arma, og tenkte at nærare himmelen enn dette er det ikkje mogleg å kome!

Utsikt mot Åndalsnes
Utsikt oppover Romsdalen, Døntind midt i bildet.
Breitind og Trollveggen
Dei siste stolstrålande for kvelden.
Vengetindan, Karlsgråtind og Romsdalshorn i kveldssol.
Så var det å få opp teltet og ete middag. Etter kvart som kveldslyset kom vart det meir og meir spektakulært for kvart minutt som gjekk. Det rosa kveldslyset gav majestetane i kring meg eit magisk lys og eg prøvde etter beste evne å få dei fantastiske omgjevnadane på minnekortet.


Blånebba og Juratind
Det rosa lyset som kjem akkurat i det sola forsvinn er berre nydeleg.

Happy camper!







Etter at kveldssola hadde gjort sitt for fjelltoppane, så var det berre å snu seg andre vegen og få med seg ein nydeleg solnedgang vestover. Å ligge på fjellet med ei øl, og høre rypa "rekse" oppe i lia og nyte slike omgjevnadar er rein lykke!



Det blir tidleg mørkt for tida, så etterkvart var det å krype inn i teltet og lese litt. Sovna etterkvart, men vakna etter ei lita stund av at det var kraftig vind og det blafra særdeles kraftig i teltduken. Stakk hauet ut og fekk sjå stjerneklår himmel over Trollveggen. Nytte synet ei stund før eg fikk lagt på eit par steinar på teltduken og stramma barduner. Vinden heldte hoff heile natta, så det var intervallsoving av beste merke.

På morgonkvisten var vinden ei vekkarklokke med perfekt timing. Eg fekk med meg ein nydeleg soloppgang og måtte ut å fotografere igjen. Nok ei nydeleg oppleving!


Det såg nesten ut som Kvanndalstind hadde fyra opp i ovnen!



Trøtt som eg var, så tenkte eg å berre slumre litt til i påvente av at vinden løya så eg kunne ete frokost utan at den havna nede i dalen. Sovna skikkeleg, og vakna nokre timar seinare og vinden var framleis ivrig. Men, no kunne eg ikkje vente lengre. Hadde jo nokre fjelltoppar i sikte.

Så det var å pakke sammen teltet, gav visse utfordringar i vinden, og få i seg frokosten. La igjen alt overnattingsutstyr på Norafjellet, og sette kursen oppover mot Adelsbreen. Trollveggen og fjella omkring blir ikkje mindre majestetisk når ein kjem nærare. Turen frå Norafjellet og opp til Adelsbreen er delvis varda, men det er berre å følgje rygg midt i dalen oppover til breen.

Akkurat starta på turen opp til Nordre Trolltind

Oppe ved brekanten blir ein "lettare sjokka" over å sjå kor liten breen er, den har gått krafig tilbake dei siste åra, noko som var synleg på terrenget i rundt.

Adelsbreen og Store Trolltind.
Etter ein liten pause sette eg kursen opp mot Adelsfjellet/1314. Ruta oppover er ikkje merka, men eg følgde trappe/rampesystem som isen har sørga for. Var berre å krysse seg oppover sida, og plutseleg stod eg i eit skard, kor venstre var første topp eg skulle på og høgre ryggen til Nordre Trolltind. Så klauv opp dei siste metra og kunne nyte ei storslagen utsikt. Tok meg ein lengre mat- og solingspause her og berre nytte utsikta!



Utsikt frå Adelsfjellet/1314 moh

Nordre Trolltind
Klauva, Kirketaket og Kjøvskardtind

Så gikk eg vidare til Nordre Trolltind. Først på flat og fin rygg, så opp knappe 100 høgdemeter. Fin sti og eit par klyvetak. På avstand ser denne "veggen" litt vanskeleg ut, men det var ingen problem. På toppen var det utsikt rett på Trollveggen, følte eg var så nære at eg kunne ta på veggen!! Eit fantastisk syn, som den personen eg såg på toppen av Store Trolltind ikkje fekk sjå!!







Etter fotopause, tok eg same rute ned igjen til Adelsbreen. Så var det klart for dagens siste topp, Nonshaugen 1345 moh. Gjekk rett opp til sadelen mellom Nonshaugen og Adelsbreen nordvest som toppen på 1435 moh er kalla på kartet. Der opna utsikta seg mot Isterdalen og dei mektige fjella på vestsida av Trollstigen. Oppe på toppen var det kaffepause, soling og nyting før eg sette kursen rett ned mot Norafjellet igjen.

Middagstind og Skjervan i Innfjorden.
Utsikt frå Nonshaugen.
Alnestind, Finnan, Bispen, Kongen og Dronninga.
Etter kjapp ompakking av sekken, var det berre å følge stien ned til bilen igjen.

Eit fantastisk døgn i Romsdalen var over. Tenkjer at eg er veldig glad for at eg ved hjelp av eigen kropp kan få slike opplevingar. Vi bur midt i godteskåla, og dette må ein benytte seg av. Stien opp til Norafjellet er velbruka, men resten av området er nok ikkje høgt trafikkert. Anbefaler området rundt Adelsbreen på det sterkaste. Ja, det er storslagent og stå på Bruraskaret og Store Trolltind, men Nordre Trolltind står ikkje noko tilbake for desse meiner eg.

To nye panoramatoppar i boks, Adelsfjellet/1314 moh og Nonshaugen 1345 moh, topp nr. 141 og 142.

Ruta til Norafjellet finn du her

Kommentarer

  1. Hei. Er det vann kilder på Norafjell? Slik at man slipper og bære alt man trenger ved en overnattingstur. Mvh Huong

    SvarSlett

Legg inn en kommentar