Innlegg

Viser innlegg fra april, 2016

Ystetinden 1162 moh

Bilde
I dag gjekk turen til Ystetind saman med Lene og Hege. Det var skia på sekken opp til ca 400 moh før vi kunne henge joggeskoa i eit tre og gå vidare på "skiføre". Det første partiet var det meir lyng enn snø, men godt føre!! Vi var ikkje åleine på fjellet idag, og kjentfolk traff vi også på. På toppen var det rett så sur vind, men mat og kaffe vart det likevel. Det er vel ikkje føret ein hugsar frå denne turen, men vi kom oss heilskinna ned alle tre og kjaur på ski til det berre var lyng igjen! Så var det berre å få på joggeskoa og få opp farta - vi hadde ein fotballkamp og rekke! Alle var vi einige i at det hadde vore ein suuuper tur! Tusen takk for turen Hege og Lene!  Supert vårskiturføre! Hege og Lene i godt driv Toppen i det fjerne Rett før toppen. Kjempeutsikt i retning Ålesund På toppen! Klar for nedfarten. Da var det slutt på skiføret.

Kvitfjellet 1381 moh, Vistdalsheia

Bilde
Kvitfjellet er eit fjell med stor utsikt! Du startar turen frå høgaste punktet på Vistdalsheia, 500 moh, på sørsida av vegen.  Så er det å runde under og opp på Uglehaugen. Derifrå er det berre å følge ryggen til topps. Litt haug på haug fjell, men ei fantastisk utsikt heile vegen. Turen ned kan ein ta same veg som opp, eller rett ned i Horndalen. Meir info finn du på morotur.no Vistdalen Skjorta, Søndre skjorta, Litjskjortene og Gogsøyra Toppen midt i biletet Sjøvdøla og Nyheitind Highway to heaven Vengetindan og Trollveggen Utsikt frå toppen mot Juratind Eikesdalsvatnet Traff på kjentfolk også!

Galtåtind 1124 moh - Loftskardtind 1191 moh, Isfjorden

Bilde
Ein finvers-torsdag i mars tok eg turen til Isfjorden og Galtåtind-Loftskardtind traversen. Kjempefint ver og godt føre gjorde turen super! Har tatt traversen før, men den gongen motsett veg, det kan du lese om her . Og, fyldigare turinfo med kart ol. finn du på morotur.no  Utsikt mot Vengetindan Juratind kom opp over Steinberget Romsdalshorn, Blånebba, Romsdalseggen, Breitind og Trollveggen Ryggen bort til Loftskardtind Naturen er litt av ein kunstnar Hadde dette vore langs riksvegen, så hadde det vore kalla rasoverbygg!!

Panoramajakta held fram; Telefjellet 1220 moh, Todalen

Bilde
I mars var eg på jakt etter den siste panoramatoppen på Nordmøre, Telefjellet 1220 moh, øst for Todalen. Turen til Telefjellet er ein lang tur i, etter mi meining, småkjedeleg terreng! Først mange km langs skogsveg med slak stigning, så over to fjelltoppar før ein kjem til den tredje og siste, og så retur same veg... Over skoggrensa, frå Kvennsetsetrinm var det pudderføre, så det vart iallefall fint føre ned igjen. Nedanfor skoggrensa var soltina snø frose på.... Alt i alt ein laaaaang og småkjedeleg tur, med fint skiføre og super utsikt til ein av dei finare fjellturane eg har hatt, Trollhøtta-traversen. Kart nederst. Panoramatopp nr. 166 i boks!