Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2016

Panoramajakta held fram; Blåtinden 1338 moh, Liabygda

Bilde
Da vart det endeleg start på panoramajakta i 2016. Dagens turmål var Blåtinden i Liabygda. Starten av turen gjekk langs skogsveg opp til Lisetra, derifrå var det berre å følge open bjerkaskog opp til ryggen som fører opp til Liahornet. Ein typisk haug etter haug rygg...Det var tidvis ganske lite snø, vinden hadde tatt hardt enkelte stader. Oppe på Liahornet var det av med fellene og kjøre ca. 100 høgdemeter ned, før fellene kom på igjen. Først litt slakare terreng før det steig på opp på ryggen mot Blåtinden. Blåtinden er eigentleg tre "toppar", ryggen førte opp til Blåtinden Vest, før eg fulgte ryggen austover, over ein "topp" og vidare til Blåtinden 1338 moh.

Da var det verkeleg på tide med ein rast, og det var nydeleg å sitte med matpakka i sol og vindstille på toppen, med utsikt mot Slogen, Stranda, starten på Geirangerfjorden, Eidsdal og Norddal.

Det var så ymse med snø på vegen opp, så eg fann ut at eg skulle kjøre meir rett ned frå toppen først, før eg trav…