mandag 15. februar 2016

Panoramajakta held fram; Blåtinden 1338 moh, Liabygda

Da vart det endeleg start på panoramajakta i 2016. Dagens turmål var Blåtinden i Liabygda. Starten av turen gjekk langs skogsveg opp til Lisetra, derifrå var det berre å følge open bjerkaskog opp til ryggen som fører opp til Liahornet. Ein typisk haug etter haug rygg...Det var tidvis ganske lite snø, vinden hadde tatt hardt enkelte stader. Oppe på Liahornet var det av med fellene og kjøre ca. 100 høgdemeter ned, før fellene kom på igjen. Først litt slakare terreng før det steig på opp på ryggen mot Blåtinden. Blåtinden er eigentleg tre "toppar", ryggen førte opp til Blåtinden Vest, før eg fulgte ryggen austover, over ein "topp" og vidare til Blåtinden 1338 moh.

Da var det verkeleg på tide med ein rast, og det var nydeleg å sitte med matpakka i sol og vindstille på toppen, med utsikt mot Slogen, Stranda, starten på Geirangerfjorden, Eidsdal og Norddal.

Det var så ymse med snø på vegen opp, så eg fann ut at eg skulle kjøre meir rett ned frå toppen først, før eg traverserte i etappar bort til kanten av ryggen igjen. Tidvis veldig bra føre, tidvis MYKJE usynleg stein..Vurderte eit sekund å kjøre ein lang flanke rett ned mot fjorden, men da måtte eg ha gått 3-400 høgdemter opp igjen, og det frista ikkje.

Så etter å ha kome med opp på Liahornet igjen, var det berre unnabakke tilbake til bilen. Ryggen ned var ikkje heilt det store, med få unntak. Det var for det meste kartongføre og knall hard skare. Det vart straks betre nedover skogen, og det var artig å kjøre gjennom perfekt bjerkaskog - trea stod akkurat passe tett! Så var det å skli tilbake til bilen igjen.

Kart over ruta heilt til sist.

Ny panoramatopp i boks - nr. 164 om eg ikkje har blingsa i teljinga!



Oppe på ryggen, Slogen i det fjerne, midt i biletet
Blåtinden til venster, Liahornet til venstre

Starten på Geirangerfjorden litt til høgre i biletet
Garretindane

Utsikt frå Liahornet mot dagens mål
Eidsdal omtrent midt i biletet
Naturen sitt eige kunstverk
Utsikta frå Blåtinden vest


Store skavlar langs heile toppryggen
YES! ny topp i boks!
To av tre toppar på Blåtinden
Te og tjukklefse på toppen var absolutt innafor!

Kart over turen:

1 kommentar: