mandag 5. august 2013

Tinderangling og panoramajakt i Surnadal

For eit par veker sidan tok eg turen til Surnadal for ein "hesteskotravers" som inneheldte 8 panoramatoppar. Eg starta turen frå Søyådalen. Køyrde så langt vegen gikk og derifrå var det først på traktorveg før det var god, men umerka sti langt innover dalen. Plutseleg vart stien borte og det vart litt tyngre å gå opp til den litje tjønna nedanfor Botnvatnet, under Trollhøtta. Turen vidare gjekk i steinete og bratt terreng opp til Trollhøtta 1291 moh. Så langt på turen hadde eg ikkje sett så mykje, men her opna utsikta seg opp og eg såg frå Molde til Smøla og heile Trollheimen. Nydeleg! Turen vidare over heile Trollhøtta-ryggen bort til høgaste toppen på 1328 moh går over ein egg av vekslande bredde. Første del av turen går over smal egg, og opp til topp nr 2 på ryggen, som ikkje har namn, var det korte parti kor du måtte klyve og klatre litt. Men dette var korte passasjer som i stor grad kunne omgås på høgre side av ryggen. Resten av ryggen bort til høgaste punktet var fin og lettgått og eg fikk nyte ein aldeles nydeleg solnedgang på turen, samstundes som fullmånen stod opp over Store Trolla. Rett og slett gåsehud-oppleving!

På toppen av Trollhøtta 1328 moh overnatta eg under open himmel, sovna med fantastiske farger på himmelen og vakna av ei stor og varm sol tidleg neste morgon.

Turen gjekk så vidare over til Pekhøtta 1396 moh, kor eg var besøkande nr. 2 i 2013!!! Nydeleg utsikt mot Snota og resten av Trollheimen. Det var bikiniføre heilt frå klokka 6 om morgonen, er ikkje ofte det er så varmt og heilt vindstille oppe på toppane. Frå pekhøtta bars det ned ryggen mot bandet mellom Pekhøtta og Blånebba. Ein del laus stein, så det tok på tida!

Så var det vidare opp ryggen til Blånebba og vidare ned ryggen og opp igjen til Fauskånebbå. Frå toppen fulgte eg ryggen nordover og nedover og svinga tilslutt rett ned lia og tilbake igjen til parkeringsplassen.

Etter 25 km og 2200 høgdemeter i eit fantastisk ver kunne eg krysse ut 8 moldepanoramatoppar og totalt antal er 94.

GPS-filer frå turen finn du her:

http://gps.motionx.com/maps/bb88d539203630b4e261220806ac84ed
http://gps.motionx.com/maps/bb88d539203630b4e261220806ad41ac









































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar