Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2012

Rekordtidlig!

Bilde
Dagen starta med særdeles lågt skydekke og regn og vart avslutta med sol og sykkeltur. Trur aldri før eg har vore ute på lengre tur med racer-sykkeln medan det framleis står mars på kalenderen! Sesongopna med tur rundt om Aureosen, sjå kart her . Flott tur uten alt for mange tunge motbakkar!

Sesongopning!

Bilde
Drømmen om skitur i flott ver, som yr.no meldte om tidleg i veka, koka bort i grauten idag, så da var det på tide med sesongstart. På fleire plan. For det første starta eg kajakksesongen - har aldri vore ute så tidleg før- og i tillegg starta sykkelsesongen skikkelig. Kajakktur på fjorden og sykkeltur rundt Sekken ilag me naboane Synnøve og Kåre Henning! Ein fin dag sjølv om det ikkje vart skitur!! FILM er her .

Venabygdsfjellet

Bilde
Forrige helg var eg klimaflyktning og reiste til Venabygdsfjellet for å få oppleve høgt skydekke, sol og skispor- lenge sidan sist.. Fikk nokre mil på ski og fleire fregner- herrrrlig!! Morgonstemning - frå soveromsvinduet Trikkeskinner på veg innover mot Spitsbergseter Særs nøgd klimaflyktning Rondeslottet i det fjerne r

Harstadfjellrennet 2012

Bilde
Laurdag 3. mars gjekk Harstadfjellrennet 2012 av stabelen. Nok ein gong var det ikkje nok snø på Harstadfjellet, så arrangementet vart flytta til Silsetfjellet. Først var det randonne-konkurranse kor nokre spreke fjellgeiter sprang både 1, 2 og 3 gong opp på nebba før dei var ferdige med konkurransen. Eg var løypevakt og fraus rævva av meg i den sure vinden. Etter rando-konkurransen var det tid for fjelltelemark og åpen klasse. Fint lite reglar- første mann ned som har kjørt gjennom alle portar er vinnaren! For flotte bilder og resultat, sjå heimesida til Harstadfjellrennet. Film frå kamikaze-kjøringa ned frå nebbå finn du HER . Utsikt ut Batnfjorden Hanna gjer seg klar! Utsikt mot Romsdalen

Langtur på langrennski

Bilde
Har heile vinteren tenkt at eg skulle gå frå Skaret til Batnfjorden, iallefall til Fursetfjellet. Når eg idag hadde moglegheiter for skyss tilbake, så heiv eg meg rundt. Var og litt inspirert av vasaloppet, men var ikkje akkurat slike forhold på turen. Det var regelrett sugeføre...blaut nysnø...så fort eg kom utom sporet var det stopp, og det var heller ingen stor fart i sporet. Enkelte delar av turen var det svært lite snø, og det er bekymringsfult med tanke på påskeskiturane! Når eg passerte E39 på Fursetfjellet var eg ved godt mot, men det tok ikkje lange tida før eg "fikk det"...Men, kom meg ned til Silsetvatnet, ned Kleiva og heim til mor. Fin tur, men kunne vore betre ver og føre! Igår var eg med på Harstadfjellrennet, kjem tilbake med bilder og kanskje film. Kart over turen er HER .