Innlegg

Viser innlegg fra august, 2012

Nydeleg på fjorden i ettermiddag!

Bilde
Her kommer vintern!! Snø på dei høge toppane i Romsdalen!!

Luten, 968 moh og Heklatindan, ca 900 moh

Bilde
Har i lengre tid tenkt meg ein tur på Luten, det er det einaste fjellet, saman med Skredfjellet,  mellom julsundet og Gjemnes eg ikkje har vore på. Så i dag vart det betre og betre ver utover dagen, så eg pakka sekken og heiv meg rundt. Starta frå Rødalen i Fræna, og første etappe var inn til Rødalsetra. Derifrå fulgte ei "dryg" strekning opp gjennom Trondalen til Trondalsvatnet. Derifrå var det "rett opp" mot Bjørndalsskaret og derretter langs ryggen opp til Luten. Sjelden har middagen smaka så godt som på toppen av Luten! Etter pasta bolognese i ein pose tilsett vatn, tok eg ei lita middagskvil før eg heldte fram turen over Heklatindane og ned igjen til Trondalsvatnet. Med høg hastigheit på føtn på returen, rakk eg også dei siste 20 min av kampen mellom Molde og VIF. Fin avslutning på helga! Kart finn du her Rødalsetra Trondalen Inni skodda ligg Heklatindan til venstre og Luten til høgre... "Baksida" av Kvannfjellet Hek

Kveldstur til Tusenårsvarden saman med Tonje

Bilde
Fin kveldstur til Tusenårsvarden saman med Tonje idag. Lavt skydekke, så ikkje den heilt store utsikta, men eit fantastisk lys kom over fjella akkurat då vi kom opp på toppen. Og, Heerenveen trena på Aker Stadion, men dem ska vi nå i veg å sjå på i morgon!! Litt dårlige mobilbilder, men men... Takk for turen Tonje!

Siste feriedag, Sykkeltur til Tusten og Moldemarka

Bilde
Idag er siste feriedag, skulle gjerne sett at ferien varte i fem veker til, men no er det slutt. Tok ein sykkeltur til Tusten og i Moldemarka idag. Flott utsikt frå toppen av Tusten!

Ferie del 2, Gravemsetra, Gjøra

Bilde
Har vore nokre dagar i Sunndalen i innspurten av ferien og i går gjekk turen til Gravemsetra på Gjøra med Nora i bæremeis, som satt og jodla heile turen! Fin tur, men steika bratt og tungt opp lia der!! Meir om turen finn du på www.morotur.no Utsikt frå TV-mast halvvegs på turen Villjordbær - herrrlig! Viktig med pause undervegs, studering av naturen! Utsikt nedover dalen frå Gjøra mot Bjørbekkje Gravemsetra Driva slynger seg nedover dalen Ikkje så enkelt med bæremeis når passasjeren hang uttom på ein sida...stiv i eine skuldra idag! Fornøgd turgåar ette stort inntak av blåber! Herre va gammel ja, herre va gammel ja... Gjøra Hotell?

Ferie del 2, Øvre Sunndal - langs Driva.

Bilde