Innlegg

Viser innlegg fra august, 2013

Nydeleg start på dagen!

Bilde

Kommunetopp, "den finaste turen i området" og hyttetur - ei kjempehelg på Nordmøre!

Bilde
I "alle år" har vi sett på Tustnastabban og tenkt at dit måtte ein kome seg ein gong. Helgaturen skulle eigentleg gå til Trollheimen og trekanten, men pga. dårlege vermeldingar valde vi heller å ta turen til ytre strøk, kor vermeldingane var mykje betre. Tustna og Aure er eit område ingen i "truppen" var særleg kjent i, så etter heftig googling og research, peika vi oss ut nokre turmål for helga, og bestemte oss for å ha basecamp på KNT-hytta Imarbu. Klar for å komme til topps i Aure kommune Første turmål var Innerbergssalen 908 moh, som er den høgaste fjelltoppen i Aure kommune. Vi la avgarde med godt mot og håp om at skodda skulle lette. Yr.no lova oss det, så vi stolte blindt på den meldinga...For å komme seg på Innerbergssalen køyrer ein til Innerberg på øya Stabblandet. Parker på ein liten parkeringsplass der vegen deler seg. Så er det berre å få på seg fjellskoa og følge vegen ein drøy km til du kjem til skilt Innerbergssalen. Stien er veldig godt merka

Panoramatopp nr. 100 - Kongen, Trollstigen

Bilde
I går var det tid for å ta panoramatopp nr. 100 og Tonje og eg tok turen til Trollstigen. Målet for dagen var Kongen. Opp lia til Bispevatnet sluker ein høgdemeter kjapt, og før vi visste ordet av det var vi inne i skaret mellom Bispen og Kongen. Her tok vi ei matpause og fekk fyllt på lagra før den smale/spisse/bratte og klyvete delen av turen starta. Skepsisen var stor hjå delar av turfølget, men vi bestemte oss for å ta det som det kom, enten kom vi opp begge to eller ingen! Halvvegs oppe på eggen som var ganske lettgått og lite luftig, traff vi på eit kobbel av kjentfolk og slang oss med på rekka. Etter klyving over egg og opp renner stod vi plutseleg på toppen av Kongen og kunne nyte den fantastiske utsikta! Tonje hadde utfordra seg sjølv og trass all skepsis satt ho der og nytte utsikta og fastslo at det ikkje var så ille!! For ein flott tur, for ei utsikt! Og så var det kjekt å treffe kjentfolk på turen, takk for følget!