mandag 5. august 2013

Panoramatopp nr. 100 - Kongen, Trollstigen

I går var det tid for å ta panoramatopp nr. 100 og Tonje og eg tok turen til Trollstigen. Målet for dagen var Kongen. Opp lia til Bispevatnet sluker ein høgdemeter kjapt, og før vi visste ordet av det var vi inne i skaret mellom Bispen og Kongen. Her tok vi ei matpause og fekk fyllt på lagra før den smale/spisse/bratte og klyvete delen av turen starta. Skepsisen var stor hjå delar av turfølget, men vi bestemte oss for å ta det som det kom, enten kom vi opp begge to eller ingen!

Halvvegs oppe på eggen som var ganske lettgått og lite luftig, traff vi på eit kobbel av kjentfolk og slang oss med på rekka. Etter klyving over egg og opp renner stod vi plutseleg på toppen av Kongen og kunne nyte den fantastiske utsikta! Tonje hadde utfordra seg sjølv og trass all skepsis satt ho der og nytte utsikta og fastslo at det ikkje var så ille!!

For ein flott tur, for ei utsikt! Og så var det kjekt å treffe kjentfolk på turen, takk for følget!























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar