Innlegg

Viser innlegg fra april, 2014

Kristiansund - ikkje for uten grunn!

Bilde

Panoramajakta held fram: Kvitknyken 1244 moh og Sunnmørslauparen 1253 moh

Bilde
Fredag avspaserte eg og sette kursen mot Kjersemfjellet i Tresfjord. Dagens mål var Kvitknyken og kanskje Sunnmørslauparen. Eg parkerte på Kjersemsetra og gikk rett opp lia til eg kom opp og fekk utsikt både mot Kvitknyken og mange andre flotte toppar i området. Sette så kursen rett mot vesteggen på Kvitknyken. Det var lite snø etterkvart og steinhard snø, så sette frå meg skia oppi urda og tok på stegjerna. Oppe på ryggen var det av med stegjerna og nesten sommarføre.  Fantastisk flott utsikt på toppen, og eit artig topparti! Det smaka godt med nytrekt kaffe og bakels med graut der oppe. Dagen var enno ung, så sette kursen mot Sunnmørslauparen. Gikk opp eggen på vestsida av fjellet, ein artig egg kor mesteparten av strekket kunne bli gått på ski, eit lite parti med litt klyving, men så var det stuegolv til toppen. Tynt med snø, men kunne med små unntak gå på ski til toppen. På toppen er ein utruleg tett på Lauparen, eit mektig fjell. Nedturen tok eg inne i skåla på fjel