Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2011

Budsjettferie dag 19: "Tour de Gråura" , legevakt og krykker

Bilde
Etter å ha lest om andre som har tatt denne turen, så framstod det som ein flott tur. Men eg skal ikkje tilbake dit! Starta med å sykle opp Gråura til Lønset, før eg tok av vegen mot Dindalshytta, men tok av til høgre mot gardane som ein ser på motsatt side frå Gråura. Til den siste garden ein ser, den med taubanen, er det grusveg og traktorveg av ymse standard. Frå den siste garden, Holberget, går det sti til garden Grensen, som ein ser på motsatt side heilt i starten av Gråura. Stien er periodevis ganske bra, men den var og periodevis ganske blaut...Så det vart ein lang affære! Omtrent halvvegs greidde eg å kolve, ja gjentek - KOLVE- med andre ord særs lite fart. For på trynet utti ei myr, men traff så klart den einaste steinen som var der- rett i kneet...Såg med ein gong at dette lukta det korssting og broderier av, men som gammal speidar så knytte eg ei laus arm rundt, så eg fikk stoppa blødninga og heldt flenga i sjakk. Etter ein tur på legevakta på Sunndalsøra for sying, bars de

Budsjettferie dag 18: I kajakk til, og rundt, Veøya

Bilde
Eg har ikkje vore på Veøya sidan ein ekskursjon på vidaregåane for ørten år sidan, så eg tenkte det var på tide å ta ein tur igjen. Sjøsette kajakken på Nesjestranda, og sette kursen utover. Vinden hadde plutseleg bestemt seg for å sette igang, så det vart tildels store bølger før eg kom meg over til Veøya. Tok ein liten stopp der og såg meg rundt, før eg fortsette rundt øya. Fint å komme seg på land med kajakk i Nordvågen. På sørsida var det slutt på bølgene, berre dønningar, til eg runda øya og padla gjennom sundet mellom Veøya og Hangholmen. Der var dei store bølgene- men det er ei utfordring som ein berre må bryne seg på! Så satte eg kursen tilbake til utgangspunktet. Veøya har ei spennande historie, som du kan lese meir om HER . Kart over turen finn du HER . Neste prosjekt må vere å fortsette vidare til Sekken og kanskje rundt Sekken, men da må det vere mindre vind enn idag!

Budsjettferie dag 17: sykkel- og biltur i majestetisk terreng

Bilde
I dag har eg vore på både sykkeltur og biltur. Sykkelturen starta frå Gjøra sentrum, ved den nye butikken. Sykla så langt asfaltert veg til Jenstad, kor ein kan sjå to av dei store fossefalla som tilsaman med 5 andre elver utgjer Åmotan- fantastisk skue. Deretter fortsette eg på grusveg av varierande standard (og bratthet...) til Gammelsætra (KNT-hytte) , Nysetra og Hildrehjellen. Så var det ca 2 km på sti, noko sykkelbart, noko definitivt ikkje sykkelbart!! Frå Veggasetra starta eg på grusveg, med varierande standard og uttallige elver/bekkar som kryssa vegen. Etter Dindalshytta vart vegen ganske så bra, og etter 15 km stod eg på riksveg 70 på Lønset. Så var det asfalt omtrent heile vegen ned til Gjøra, med unntak av omvegen rundt Vollan (gamlevegen frå brua i botn av Gråura til brua før Gjøra). Skal sei is og cola smaka godt på Joker Gjøra etter denne turen! Kart over sykkelturen finn du HER Etter sykkelturen tok eg turen opp Litjdalen og over Aursjøvegen til Eikesdalen, deretter ove

Budsjettferie dag 15:sykkeltur og garasje-drenering

Bilde
Starta dagen tidleg idag med ein tur på racer'n frå Molde, via Skaret, Malmefjorden og Freneidet til Nås, så rundt Naasvatnet til Bollia og til Eide, kor eg fikk skyss tilbake til Molde. Fin tur- kart finn du HER . Etter syklinga var det klart for runde to i arbeidet med å drenere framfor garasjen- ser rett så bra ut!

Budsjettferie dag 14: Skoften, Malmefjorden

Bilde
Ein nydeleg kveldstur til Skoften, 368 moh, saman med Tonje. Sjølv om toppen ikkje er så høg, så er det ei fantastisk utsikt derifrå! Ta turen!!

Jazzings

Bilde
Jarle Bernhoft var behaldninga på romsdalsmuseet i gårkveld, på trass av regnveret!

Budsjettferie dag 12: stisykling i Julsundet

Bilde
Idag har eg vore på oppdagingsferd på sykkel i Julsundet. Parkerte ved den gamle skulen i Julsundet, og sykla til Hola, kor eg starta på den bratte fjellvegen opp lia. Fulgte vegen til Fangholsætra, vidare over fjellet Storklauva til starten på stien over Svartnakken. Ein del trilling på strekninga Fangholsætra-Storklauva, men også ein del sykkelbare parti. Stien over Svartnakken var fantastisk artig å sykle- anbefalast på det sterkaste! Og for ei utsikt undervegs!! Meir info om turen finn du HER og HER Og til slutt idag- konsert på Romsdalsmuseet!

Budsjettferie dag 11: graving og støping

Bilde
For å unngå at all nedbør som fell i nabolaget ska havne i min garasje, så har det no vorte teke grep for å få vatnet til å gå andre vegar. Så no har det vore grøftegraving og støping, så blir det nedlegging av rør og rister!!

Budsjettferie dag 10: På racer'n rundt Otrøya

Bilde
Idag tok eg med racer'n på tur rundt Otrøya. Starta heimanfrå, og hadde eit lite tempoløp ut til Mordalsvågen for å rekke ei ferge. Så tok eg turen rundt øya via Nord-Heggdal, Sør-Heggdal, Midsund sentrum, Rakvåg og til slutt nytt temporitt til Solholmen for å rekke ei ferge. Så gjenstod berre sjarmør-etappen...skal sei Olav Oksviksveg sugde til seg mine siste krefter, den bakken e skikkelig hard med ein tungt gira racersykkel! Kart er HER Utsikt mot Midsund sentrum og Midøya Gjengen som nyt livet! Utsikt mot Tautra og Brustind og Ystetind. Ska sei dem har fancy fjøs på Otrøya...