Innlegg

Viser innlegg fra november, 2017

Panoramajakta held fram; Lisjedalstindane 1120 moh, Ytre Standal, Ørsta

Bilde
Ei veke etter at eg var på Ystenestinden/Slingsbys topp var eg tilbake på Ytre Standal for å få kloa i nabotoppen Lisjedalstindane. I eit nydeleg haustver la eg avgarde innover dalen langs raudmerka sti. Den deler seg etter setra, til venstre kjem ein til Standalhytta til høgre til Molladalen. Eg tok av retning Molladalen og opp til Høgevatnet. Der var eg også i sommar då eg tok turen til Jonshornet og Mohns topp.  Forrige helgs topp Dagens mål til venstre i biletet, Slingsbys topp til høgre Lisjedalstindane til venstre Ved Høgevatnet var det ikkje ein vindpust og vatnet var eit einaste stort speil. Ryggen opp mot Lisjedalstindane er utan sti, men av og til går ein seg på dyretråkk. Så det er berre å krysse seg oppover etter beste evne. På veg oppover ser det ut som toppartiet kan vere bratt og vanskeleg. Men, i 99 % av tilfella er det slik at fjellet berre opnar seg jo tettare ein kjem på toppen. Dette var ikkje eit unntak. Utsikt mot Romedals

Panoramajakta held fram; Ystenestinden/Slingsbys topp 1160 moh, Ytre Standal, Ørsta

Bilde
Molladalen er kjent for sine spisse og taggete toppar. Men rett utanfor dørstokken til Molladalen ligg det også nokre tøffe fjell! Frå Mohns topp ser Ystenenstinden/Slingsbys topp heilt umogleg ut. Var på Mohns i sommar og kika over dit og tenkte at den der blir av det luftige slaget! Toppen til høgre på biletet under. Eg var så heldig å få med meg Eirik Vaage på tur, lokalkjent fjellfant, så eg var i trygge hender. For å nå toppane i Molladalen går ein som regel frå Barstadvika og inn i dalen. Ystenestinden eller Slingsbys topp, kjært barn har mange namn, er det mogleg å ta frå Molldalen, men den kortaste og enklaste vegen er frå Ytre Standal. Kort og enkel ja, men det er null oppvarming og rett inn i bakken, 800 høgdemeter opp før klyvinga starta. Det er ingen sti, og for det meste krattskog, men vi gjekk langs elveleiet som kjem ned fjellsida. For det meste heilt greit å gå der, måtte berre ut i sida eit par plassar. Trøsta når det stig på er at utsikta berre blir betre og b