Panoramajakta held fram; Ystenestinden/Slingsbys topp 1160 moh, Ytre Standal, Ørsta

Molladalen er kjent for sine spisse og taggete toppar. Men rett utanfor dørstokken til Molladalen ligg det også nokre tøffe fjell! Frå Mohns topp ser Ystenenstinden/Slingsbys topp heilt umogleg ut. Var på Mohns i sommar og kika over dit og tenkte at den der blir av det luftige slaget! Toppen til høgre på biletet under.

Eg var så heldig å få med meg Eirik Vaage på tur, lokalkjent fjellfant, så eg var i trygge hender.


For å nå toppane i Molladalen går ein som regel frå Barstadvika og inn i dalen. Ystenestinden eller Slingsbys topp, kjært barn har mange namn, er det mogleg å ta frå Molldalen, men den kortaste og enklaste vegen er frå Ytre Standal. Kort og enkel ja, men det er null oppvarming og rett inn i bakken, 800 høgdemeter opp før klyvinga starta. Det er ingen sti, og for det meste krattskog, men vi gjekk langs elveleiet som kjem ned fjellsida. For det meste heilt greit å gå der, måtte berre ut i sida eit par plassar. Trøsta når det stig på er at utsikta berre blir betre og betre for kvart steg!

Opp elveleiet
Trolsk stemning
Hjørundfjorden langt der nede med utsikt mot mellom anna Tungremtindane og Råna lengst bak til høgre
Starten på klatre- og klyveavdelinga

I det elvegjelet slutta "flata" det litt ut, og vi gjekk på grasbakkar opp til starten på renna vi skulle opp. Det første partiet var faktisk det vanskelegaste på heile turen. Eirik brukte litt tid på å få sette sikringar der, men opp kom vi oss.


Medan eg venta på at det vart min tur oppover, så kunne eg nyte utsikta litt!

Kolåstinden
Etter det første klatrepartiet gjekk vi vidare oppover langs ryggar og renner.  


Ystenesegga 

Plutseleg stod vi på kanten av stupet! Eller rettare sagt, vi såg rett ned i Ystenesdalen. Det er utruleg mange "kule" fjellformasjonar her, og rekkja av pinakklar tok liksom aldri slutt. Og det beste, desse hadde vi for oss sjølv. Det var ikkje fritt for folk i nabolagets meir populære turmål!


Her oppe var det også heilt super utsikt over til andre sida av Hjørundfjorden og mellom anna Tungremtindane som eg besøkte både på ski i påska og på beina på sommaren. Her er det så mange fine fjell at det berre er å ta turen! Problemet er bestandig, kor skal ein gå? Alt for mykje å velge i her i godteskåla!



Her oppe såg vi også mot Molladalstindane for første gongen, dei hadde vore i skjul så langt. På biletet under er Randers topp, Bladet og Mohns topp til høgre, og dagens mål Slingsbys topp til venstre. Vi heldt fram med enkel klyving vidare langs ryggen.

Slingsbys til venstre, Mohns til høgre. Bladet er mogleg å sjå for den som veit kor det er!


Opp der kom vi! Runda rundt topp til høgre i biletet og under pinakklane

Spektakulær tindenål!

Når det gjenstod knappe 200 meter/50 høgdemeter tok vi fram tauet igjen. Det er ikkje vanskeleg klatring her, men litt eksponert. 


Utruleg kul egg, var berre å spasere seg over!

Det er det argaste asså! Top of the world-feeling!

Eirik er oppe! Mohns til høgre

Mannen og fjellet


Yes! Ystenestinden er tatt og ny panoramatopp er i boks! Og for ein tur da!!





Etter ein kort pause på toppen var det berre å sette kursen ned igjen, og det var berre å nyte Hjørundfjorden og toppane rundt. Langt der nede kunne vi sjå Hurtigruta også.


Rævva e te fær å brukast, gjer ingenting at elegansen e på botn!!




Ein ting er 950 høgdemeter rett opp, ein skal dei same metra ned også....bremsemusklane fekk verkeleg køyrt seg. Men for ein tur! Det er allveg vanskeleg å samanlikne fjelltoppar. Og dette får eg ofte spørsmål om . Kva er det finaste fjellet? Kva er det kjedelegaste? Kva er det brattaste? Kva er det flataste? Kva er det argaste? Kva er det finaste på sommaren? Kva er det finaste på vinteren? Kva er fint forresten? Det kan vere både ver, terreng, form, turfølge, grad av utsikt, fargar i terrrenget og på himmelen. Det kan også vere at ein er på telttur for å kome seg til toppane. Då kan fjellet vere meir enn berre fjellet, det er heile pakka. Så, mitt svar er at eg ikkje har svar på dette! Det er umogleg å svare klart på desse spørsmåla, sjølv om det er noko som stikk seg meir ut enn andre, av mange grunnar!

Men, sett opp i mot desse parametra, så vil eg seie at dette var fottursesongens brattaste og argaste topp. Kjedeleg var den ikkje, heller ikkje flat. Og, turfølget var prima!

Tusen takk for at du tok meg med til topps Eirik!













Kommentarer