Innlegg

Viser innlegg fra september, 2015

Panoramajakta held fram; Skåla 863 moh, Daugstadsetra, Vestnes

Bilde
Panoramajakta tek ein mange plassar, nokon spenstige, nokon luftige, nokon lange turar, nokon flate turar, nokon du vil tilbake til og nokon du ikkje vil tilbake til. Nokon som er ein "jobb"!
Skåla ved Daugstadsetra ein ein slik topp. Vi starta frå Daugstadsetra og sette kursen opp lia, kor det skulle vere ein sti...Såg ikkje mykje av den før vi kom på retur. Ovanfor skogen var det snaufjell, så vi berre gjekk rett mot toppen, som det var ganske så langt til i paddeflatt terreng. Allerede rett etter skoggrensa slo iallefall eg fast at etter mi meining var dette eit kjedeleg fjell! Men vi kom endeleg fram til toppen, kor det var stormfulle høyder, og fekk utsikt både mot aust og vest i Romsdalen. 
Etter eit kort opphald bak eit par steinar på toppen, var det berre å kome seg ned igjen. Turen tok ca 2,5 time med moderat gange og det var 400 høgdemeter. Fornøgd med å ha panoramatopp nr 154 i boks, men eg tvilar på at eg kjem tilbake hit!





Panoramatopp nr 154 i boks!

Nuglefestivalen 2015

Bilde
Forrige helg gjekk årets Nuglefestival av stabelen!
Dag 1 tok vi turen over Sandnestindan, 5 fjelltoppar som ligg på rekke og rad frå Fræna til Eide.  Trolltindan, Trolltindan Øst, Stordalstinden, Blåfjellet og Hældalstinden. Starten på turen er ved parkeringsplassen til Trollkirka. 
Vi tok stien opp til Trollkirka kor det var på tide med matpause. Etter godt med påfyll var vi klar for neste etappe forbi Trolldalsvatna og opp til Trolltindan langs vest-ryggen.
Ryggen opp til toppen har nokre bratte parti, men det er fin sti og artige formasjonar på turen. Når vi kom opp på ryggen opna utsikta seg mot ytre delar av Fræna, Eide og Averøya. 





Oppe på toppen er det 360 graders utsikt - det var fri sikt til dei høge fjella i Sunndalen, alle fjella i Romsdalen og heilt til Sunnmørsalpane. 

Før vi vandra vidare tok vi dagens andre lunsj og nytte utsikta. Energien var på topp når vi la avgarde langs ryggen!



Panoramajakta held fram; Store Vengetind 1852 moh

Bilde
Sidan eg for første gong flytta til Molde midt på 90-talet har eg sett på Store Vengetind, det høgste og mest alpine fjellmassiv i Romsdalen. Endeleg kom dagen kor eg kom meg opp dit!

Anita og Vidar ville stille som guidar og ta med Benthe og meg til toppen. Eg på jakt etter "toppen av Romsdalen" og ein panoramatopp, Benthe på jakt etter toppar for å bli fjelldronning.

Med godt mot la vi avgarde oppover motbakken, og ja, fjellet er ein skikkeleg lang motbakke! Starten av turen gjekk på fin sti før vi kom så høgt opp at alt berre var stein. Vi skulle gå normalruta, og grusen og steinen vart lausare og lausare jo lengre opp i renna vi kom. Men, med fin fart og mykje skitprat så gjekk høgdemetra unna. Utsikta på veg oppover var det heller ikkje noko å seie på, fri sikt mot Trollveggen, Romsdalshorn, Blånebba og fjella innover i Isfjorden.




Etter knappe 1000 høgdemeter var vi kome opp og ut av renna og var klar for å begynne på ryggen oppover mot toppen. Motbakken tok på, så det…