Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2011

Ei solskinnshelg!

Bilde
Endeleg ei helg med fint sommarver! Eg har vore barnevakt for 4 kids i helga, og vi har storkosa oss ute med fisketur, grilling og pannekakesteiking! Takk for ei kjempehelg kids!

Moldivene

Bilde
Fantastisk -ikkje meir å sei! Har problem med å laste opp video for tida, men her er link til ein super tur i kajakken rundt Moldivene forrige veke. MOLDIVENE

Padling, lupinar og fotball

Bilde
I dag har vore ein innhaldsrik dag! Starta dagen med padling på ein blikkstille Moldefjord- fantastisk! Der kor eg parkerte var det utruleg mange lupinar, fine blomstrar men er vel som eit ugras, poppar opp overalt...Men dei er litt artige å ta bilder av. Etter fotosessionen i fjæra, fauk eg til Batnfjorden kor Batnfjord IL sitt eminente damelag slo Rival 1-0, trur det er første gong vi har slått dei! Har ingen bilder frå fotballen, var jo opptatt av å springe etter ballen og vere keeper, men her kjem nokre frå padlinga og lupin-sesjonen!

Padling og delfinar langs Atlanterhavsvegen

Bilde
Idag har eg vore ute på tur med kajakk ved Atlanterhavsvegen. Det er ikkje ofte det er blikkstille hav både på innersida og yttersida av Atlanterhavsvegen, så eg fekk ein skikkeleg fin tur. Eg fikk også nært møte med delfinane som eg såg for nokre dagar sidan. Eg var ikkje åleine der ute for å sjå dei for å seie det mildt, folk grilla og fotograferte, nokon svømte til og med saman med delfinane. Anbefaler alle å ta turen ut til Atanterhavsvegen og sjå på desse fasinerande skapningane, dei held til ved Strømsholmen.

Delfinar ved Atlanterhavsvegen

Idag har eg vore på vårtur med jobben frå Molde via Bud og Atlanterhavsvegen, Kvernes og tilslutt til Kristiansund. Under eit stopp på Strømsholmen på Atlanterhavsvegen fikk vi sett dei mykje omtalte delfinane som for tida held til ved Atlanterhavsvegen- kjempeartig! Bilder av delfinane kan ein finne her på Romsdals Budstikke

Stisykling på Randa, Silsetfjellet, Batnfjorden

Bilde

Stisykling i Molde

Bilde
Har lånt ein fulldempa sykkel for eit par dagar, og ein ny verden har opna seg- det er jo som å flyg over stokkar og stein! Idag har eg sykla mange fine stiar, med start frå eiga husdør. Kjem tilbake seinare med fleire bilder, kart og film, men her er eit bilete frå Retiroskogen.