Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2013

Panoramajakta held fram: Søre Klauva 1356 moh, Isfjorden

Bilde
Idag kom det endeleg ein skikkeleg finversdag på helg, så eg var kjapp med å pakke sekken og kaste meg i bilen idag tidleg. Køyrde til Isfjorden og sette kursen mot Søre Klauva. Eg hadde fjellet omtrent for meg sjølv, og det var herrrrlig og sjå 17.mai toget til Kirketaket! Kvifor ikkje prøve litt andre toppar også? Kjempefin tur opp til toppen, litt lite snø enkelte stader på eggen, men gikk heilt greit.

Vel oppe kunne eg nyte utsikta mot Hesteskotraversen på den eine sida og Vengetindan, Romsdalshorn og Trollveggen på den andre sida. N Y D E L E G!

Neddturen tok eg via sørøstryggen ned til Hestebotn og hytta Stallen. Fantastisk pudderføre og kjempeartig å kjøre på ryggen. Vel nede ved hytta i Hestebotn var det berre å skli heile vegen tilbake til parkeringa. Panoramatopp nr. 71 kan kryssast ut!




















Panoramajakta held fram: Smørbottind, vesttoppen, 1180 moh

Bilde
I går ettermiddag spaserte eg litt av og tok ein kjapp topptur til Smørbottind, vesttoppen. Sjølv om føret ikkje var det aller beste, så kan eg krysse ut nok ein panoramatopp, den 70.ende! Kjempestart på helga!







Å bu i ei godteskål

Bilde
Vi har utrulege moglegheiter rett uanfor stuedøra vår! Trykk på bildet for ein filmsnutt!


Snøtind 1027 moh

Bilde
På laurdag var det knallver og det var berre å komme seg ut på tur. Eg tok turen til Snøtind på grensa mellom Gjemnes og Eide. Eg starta turen frå Åndal øverst i Batnfjorden. Etter ein drøy km langs vegen tek ein av vegen opp til høgre, merka til Stortussen/Snøtind. Følgjer så skogsveg nesten opp til skogrensa, før ein traverserer siste biten gjennom skogen og kryssar Kvernsteinelva på ein passande stad. Derifrå over flate inn mot Tusskaret, mellom Litjtussen og Snøtind. Så er det berre å krysse seg oppover til ein møter eggen opp mot toppen. Her må ein ofte ta av seg skia eit lite stykke før ein igjen kan gå mot toppen. Eg snudde her på ca. 950 moh, då det både var mykje stein siste biten og ekkel snø som sklei ut. Nytte matpakka før eg sette snuten ned igjen - i pudder!!














Oppsamlingsheat - sykkel, ski, Oslo, Sunnmøre Museum

Bilde
Det har vore travle veker i det siste, så ligg litt bak på blogginga. Her kjem ymse frå dei siste par vekene.













Skøyter på Malmefjorden

Bilde
Forrige helg var det fantastiske forhold for skøyter på Malmefjorden, og det måtte så klart utnyttast! Kjempefin tur på isen, med både nybegynnerar og litt meir drevne! Avslutta med pølsefest på land!
Film kjem etterkvart.