Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2010

Kvannfjellet

Bilde
Tur til Kvannfjellet saman med Tonje, som debuterte som toppturløpar!

Kjapp skitur i Moldemarka

Bilde
Idag har eg vore på ein kjapp skitur i Moldemarka. Eg gikk opp gamle vardeveg til Varden og rakk akkurat opp før mørket kom! Nydeleg pudderføre i marka no!

Actionsøndag!

Bilde
Er ikkje mykje som er artigare enn litt fart og spenning kombinert med ski på ein søndag! Tommeln opp for Tøftinj ski og motor park!!

Skikjøring på Oppdal

Bilde
Har idag vore på Oppdal saman med Thea, Sigve og Emil. Føret var så der, men fikk jo kjørt nokre svingar og trimma lårmuskulaturen godt! Gutta boys var tøffe og tok seg av hoppinga, sjøl hadde eg ikkje lyst til å lande med rævva på blankisen...

Mekknoken 751 moh

Bilde
Ny topptur ut mot havet! Har gått og sett på Mekknoken halve livet frå andre sida av fjorden (Stokknoken) og no var det på tide å komme seg opp dit. Eg og Synnøve hadde ein kjempefin tur med nydeleg utsikt. Det som kunne toppa turen hadde vore litt meir snø til nedkjøringa!

Stemshesten - topptur ved storhavet

Bilde
I går starta eg topptur-sesongen og benytta sjangsen til å gå på Stemshesten/Sjurvarden på ski. Det er nemleg ikkje daglegdags at det er skiføre til toppen på 667 moh som ligg ved Hustadvika. Flott tur med super utsikt!

KALDT...men nydeleg!

Bilde
Her i Molde er det no skikkeleg kald vinter. Men det er fantastisk å sjå ut av vinduet- blå himmel, sol og frostrøyk på fjorden.

PUDDER!

Bilde
Har vore i Tusten skisenter idag og virkelig fått tynt låra- det var skikkelig pudder og ein nydeleg dag!