Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2016

Skåla 1128 moh, Molde

Bilde
Etterjobb-tur til Skåla tidleg i april. Starta med pill råtten snø, og gikk over til isskare og fokksnø. I tilegg veldig sur vind på toppen, så det vart ikkje akkurat tur med kaffe og sjokolade. Vurderte ei stund å snu i området med isskaren, hadde hverken skarejern eller stegjern, men fann ut at det var farlegare å prøve å snu enn å fortsette. Hadde eg mista festet der så hadde eg fått høg hastighet!!
I øverste partiet var det fokksnø og skavlar, men opp skulle eg. Ned igjen var det berre å skvise låra for det dei var verdt. Det verste var jo avslutninga, med påfrose slusjføre.... Men, utsikta er det jo ikkje noko å seie på!







Harstadfjellet 1004 moh, Batnfjorden

Bilde
I påska vart det ein tur til Harstadfjellet i Batnfjorden. Eit utruleg fint fjell med null anmarsj og strålande utsikt både på veg opp og frå toppen. Denne dagen i mars var det også eit supert skiføre! Takk for turen Benthe!




Kortreist perle - Kvannfjellet, 980 moh,

Bilde
Kvannfjellet, høgaste fjellet i Fræna kommune er ei kortreist perle, som ein kan ta som skitur etter jobb. 15 min frå dørstokken til snøen, og storslått utsikt, og ofte solnedgang, med på kjøpet. Her frå ein kjempefin tur etter jobb ein dag i mars. 





Kjøsen 1135 moh, Måndalen, Rauma

Bilde
Når du vaknar av at sola skin inn soveromsvinduet, er det berre ein ting å gjere. Hopp opp, få på kaffen og pakk sekken, så første moglege ferge over fjorden. Vidare er det å bestemme seg for turmål på ferga. Idag landa eg på Kjøsen i Måndalen. Har aldri vore der før, og med tanke på alle snøskreda som har vore i det siste tok eg eit sikkert fjell.

Måtte ikkje gå langt før eg kunne ta på skia, og så var det berre å tasse seg oppover i solsteika. Oppe på fortoppen på 936 moh var det så sterk vind at det var på tide å ta på jakke og hanska. Så var det berre å følge ryggen opp til topps. Det var ikkje noko mindre vind der, så det var berre å knipse nokre bilete, av med feller og på med hjelm. 
Forventa IKKJE supert føre ned igjen. Det var ganske klart på tur opp at det vart snakk om blaut tung snø, sola gjorde jaggu meg jobben sin. Så det var to sure lår som fann seg ein rasteplass vel nede i skogen og ute av vinden. Etter påfyll av tørt og vått var det berre å ta siste etappen ned til …