Innlegg

Viser innlegg fra september, 2011

Nydelig kajakktur på Moldefjorden idag

Bilde
Etter som skydekket letta og det var slutt på regnet, og fram kom ein blikkstille fjord, var det berre å komme seg ut på fjorden med kajakken. Ein nydeleg tur på Moldefjorden i eit magisk lys med vekslande skydekke, dis, sol og blikkstille hav. Kjempestart på helga!

Dagens produksjon!

Bilde
Aniskringler er berre heilt fantastisk godt, og tok litt av i produksjonen idag!

Fisking og skogstur med Aleksander

Bilde
Aleksander og eg var veldig tidleg oppe idag for å bli med å dra garn. Vi var nemlig gira på litt fangst, ikkje berre ein fisk eller to. Så vi var klar for fulle garn- og jaggu meg, det fikk vi! Det var god stemning i båten etterkvart som garnet vart trekt opp i båten. I tillegg ramla fleire av på veg opp. Etter fisketuren var vi klar for nye eventyr- vi skulle på tur i skogen for å steike pannekake! På vegen fann vi nokre andre som også ville vere med. Pannekakene vart skikkelig gode og vi storkosa oss ute i det fine haustveret!

Hareimsdalen, Sunndal

Bilde
Idag har eg vore ein tur opp til Hareimsdalen i Sunndalen. Har tenkt på denne turen i mange år, men idag vart det. Stien slynga seg oppover den bratte lia, men ein får lønn for strevet når ein kjem opp. Neste gong eg skal gå opp her skal eg fortsette til Litjkalken, men det blir vel ikkje før neste år! Kart finn du her

Ein spretten kar

Bilde
Sigve er ein spretten kar, og viser stolt fram sin backflip!

På oppdagingsferd i nabolaget

Bilde
Etter nokre dagar med kleenex og otrivin, fikk eg akutt behov for friskluft. Det ende med oppdagingsferd, med start frå eiga ytterdør og oppdaging av mange nye stiar. Eg har ikkje utforska denne delen av Moldemarka før på sommarstid, men har gått mange fine turar på ski i området. Eg gikk den heiltrukne linja. Ingen problem å finne stien som startar bak Nordbyen skule. Enkelte parti var litt blaute, men framkombar! Alternativ rute er merka med stipla linje, som ender på same staden som start for turen. Dersom ein vel stipla rute, er einaste tida ein går på asfaltert veg når ein kryssar vegen! Flott tur! Utsikta frå Eikremsnakken - mot Tusten og Vengetindane i det fjerne.

Sørtussen 907 moh

Bilde
I dag tok eg turen til Sørtussen 907 moh. Eg kjaur til Åndalssetra, øverst i Batnfjorden (bomveg kr. 30) og parkerte der vegen stoppa. Der startar også stien, som først fører opp til Trolldalsvatnet, så vidare langs vatnet opp til Fagerdalsvatnet. Der tok eg ein liten rast før eg gav meg i kast med den bratte motbakken opp mot Sørtussen. Litt vanskelig å finne sti til tider opp der, så det var berre å bite i seg mjøkesyre og tung pust og gå rett på. Oppe på toppen, som er eit av Nordmøres høgaste stup, var det kjempeutsikt i alle retningar. Det var litt vel sur og hard vind der oppe, så det vart ikkje noko lengre pause for å nyte utsikta. Ein flott tur i eit kjempeflott turområde! Og for å gjere dagen nær perfekt- saltafisk med stappe og stekt flest til søndagsmiddag!! Kart over turen er her.