Sørtussen 907 moh

I dag tok eg turen til Sørtussen 907 moh. Eg kjaur til Åndalssetra, øverst i Batnfjorden (bomveg kr. 30) og parkerte der vegen stoppa. Der startar også stien, som først fører opp til Trolldalsvatnet, så vidare langs vatnet opp til Fagerdalsvatnet. Der tok eg ein liten rast før eg gav meg i kast med den bratte motbakken opp mot Sørtussen. Litt vanskelig å finne sti til tider opp der, så det var berre å bite i seg mjøkesyre og tung pust og gå rett på. Oppe på toppen, som er eit av Nordmøres høgaste stup, var det kjempeutsikt i alle retningar. Det var litt vel sur og hard vind der oppe, så det vart ikkje noko lengre pause for å nyte utsikta. Ein flott tur i eit kjempeflott turområde! Og for å gjere dagen nær perfekt- saltafisk med stappe og stekt flest til søndagsmiddag!! Kart over turen er her.

Kommentarer