Innlegg

Viser innlegg fra november, 2011

Raudtua, 590 moh, Fræna

Bilde
Vakna idag til nok ein nydeleg dag, sol og blå himmel. Det var berre å få på seg fjellskoa og pakke sekken og finne seg eit turmål. Bestemte meg for å ta turen til Raudtua i ytre Fræna. Fin tur på god sti med storslått utsikt i alle retningar. Sjølv om det var sol og knallblå himmel når eg starta, så kom skodda plutselig. Gjekk tre minutt frå eg såg ein skodde-dott over Skardsettinden og Skalten før eg var innhylla, så fikk og litt trolsk stemning på kjøpet. Turen anbefalast! Kart til turen finn du her.

MAGISK!

Bilde
I dag har eg vore på ein av dei finare fjellturane nokon sinne- ettermiddagstur til Stokknoken, 811 moh, i Gjemnes. Eg starta turen frå Stokke, og gikk via Snipå til Stokknoken. På den eine sida hadde eg ein fantastisk solnedgang, på den andre sida ein stor skinnande måne. Det er heilt fantastisk å ete middagen sin i slike omgjevnadar. Har forresten testa ein ny type tur-mat. På Bunnpris får ein kjøpt Eldorado turmat, berre å tilsette varmt vatn. Så langt eg har funne ut er det fire ulike sortar. Kylling i karrigryte var absolutt å anbefale. Kart over turen finn du HER.

Tusten, 673 moh

Bilde
I fjor på denne tida gikk eg på ski i Moldemarka, men no er det berre fotturar som gjeld. I dag tok eg turen til Tusten etter jobb. Ein fantastisk tur når ein har slik ei utsikt å nyte!

Morgonstund

Bilde

N Y D E L I G!

Bilde
Audunstjønnan og Tusenårsvarden, Molde, i går ettermiddag. Rett og slett nydeleg - har ikkje mær å sei e!

Flott start på dagen!

Bilde

Eikremsnakken og kveldsmat i mørket!

Bilde
Idag tassa eg meg ein tur opp til Eikremsnakken for å få litt friskluft. Flott utsikt mot romsdalsfjella! Og etterpå fekk eg besøk av to små frå Malmefjorden som skal vere på overnattings. Vi fann ut at vi like greit kunne ta på haulykt og gå til Øverlandsvatnet og tenne bål og ete kveldsmaten vår- koseleg avslutning på dagen!

Morgonstemning frå Nordbyen

Bilde