Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2015

Panoramajakta held fram; Ytre og Indre Sula, Todalen, Surnadal

Bilde
I slutten av september sette eg kursen mot Todalen. Målet for turen var Ytre og Indre Sula. 
Startstad for turen er rett før sentrum i Todalen. I det vegen kryssar ei bru, skal du ta av til venstre. Eg følgde grusveg eit par hundre meter og parkerte før ein bomveg starta. Den var ikkje open for almenn ferdsel. 
Pakka sekken og sette kursen oppover lia. Ganske mange høgdemeter på kort tid, men skogsveg og sti heile vegen opp til Todalshaugsetra. Eg starta ganske seint på dag og det begynte å bli skymt. Etter å ha leita rundt ganske lenge fann eg ein flat og tørr plass som var akkurat like stor som teltet mitt. Det var mykje myr og unnabakke rundt setra....
Det var godt med vind heile natta og ikkje mindre på morgonen. Så det var berre å få på seg vindtette klede, pakke sekken og sette kursen oppover. 
Det er lite med sti oppover og første del av turen går i litt småtungt terreng. Men etterkvart blir det fast og fint underlag og frå fortoppen på ca 1100 moh var det urd heile vegen til …

Panoramajakta held fram; Skardfjellet 1723, Trollstigen

Bilde
Nokre turar kjem eg til å hugse meir enn andre. Denne er ein slik!
Målet for turen var Skardfjellet 1723 moh.
Starta frå Alnesreset i grauttjukk skodde, såg nesten ikkje til neste raud-merking. Yr meldte at skydekket skulle lette utover dagen, så satsa på at det skulle slå til. La avgarde oppover i skodda, og plutseleg så skjønte eg at det ikkje var lenge før eg var over skydekket. Skodda vart plutseleg ganske så tynn, og sola var på veg gjennom. Det var reint magisk!





Frå Alnesreset er det raudmerka sti opp til Skarfjellenden. Oppe i skaret på ca. 1250 moh tek stien av til venstre og til toppen av fjellet. Eg sette kursen rett austover og mot ryggen som er starten på turen opp til Skardfjellet. 

Etter mykje om og men fann eg endeleg ein liten "flat" plass til teltet mitt, som ikkje var blautmyr. Å nyte middagen i solnedgang er det ikkje mykje som slår!




Vakna til ein nydeleg morgon, og etter frukost og kaffe var det berre å pakke sekken og legge avgarde mot Skardfjellet. Etter …