mandag 26. oktober 2015

Panoramajakta held fram; Ytre og Indre Sula, Todalen, Surnadal

I slutten av september sette eg kursen mot Todalen. Målet for turen var Ytre og Indre Sula. 

Startstad for turen er rett før sentrum i Todalen. I det vegen kryssar ei bru, skal du ta av til venstre. Eg følgde grusveg eit par hundre meter og parkerte før ein bomveg starta. Den var ikkje open for almenn ferdsel. 

Pakka sekken og sette kursen oppover lia. Ganske mange høgdemeter på kort tid, men skogsveg og sti heile vegen opp til Todalshaugsetra. Eg starta ganske seint på dag og det begynte å bli skymt. Etter å ha leita rundt ganske lenge fann eg ein flat og tørr plass som var akkurat like stor som teltet mitt. Det var mykje myr og unnabakke rundt setra....

Utsikt mot Vinnumassivet, Todalen i framkant
Utsikt frå teltplassen
Det har vorte haust, så kart må studerast med hauløkt på!
Det var godt med vind heile natta og ikkje mindre på morgonen. Så det var berre å få på seg vindtette klede, pakke sekken og sette kursen oppover. 

Det er lite med sti oppover og første del av turen går i litt småtungt terreng. Men etterkvart blir det fast og fint underlag og frå fortoppen på ca 1100 moh var det urd heile vegen til topps.


Det vart ikkje mindre vind oppover, og på toppen av Ytre Sula måtte eg konsentrere meg om for å halde balansen når eg skulle ta bilete! Heldigvis var det ikkje så kaldt, men det var surt nok til at vottar og hette måtte vere på store delar av turen.

Utsikt frå toppen av Ytre Sula mot Nesøya og Meisingset

Yes! Ny topp i boks!
Etter å ha knipsa litt var det på tide å sette kursen mot neste topp, Indre Sula, som er på biletet under.
Turen over til Indre Sula er ikkje så lang, og det er fin rygg å gå på. Selskap på turen var ein saueflokk og nokre ryper!


Då eg nærma meg toppen på Indre Sula såg det ut til å bli bratt. Det vart bratt, men ikkje luftig. Stien går til venstre for ryggen. 



Oppe på toppen av Indre Sula var det minst like fin utsikt som på Ytre. Og, minst like sterk vind! Så, det var berre å fotografere litt og så kome seg nedover igjen.




Nedturen gjekk langs ryggen mot Sør. Det var på tide med matpause, men det var krafig vind overalt. Til slutt fekk eg kreka meg ned bak ein stein og tatt matpakka. Ryggen nedover var fin å gå, eit punkt var litt bratt, men ingen problem å kome seg ned. Eg tok av ryggen då eg var på høgde med den litje tjønna nedanfor Sulvatnet, og nede på flata sette eg kursen rett mot ruta eg tok på veg opp.


Det var godt å endeleg kunne ta av seg jakka og sleppe å høyre på vinden som blafra i hetta heile tida.  Sette full fart mot teltet, pakka saman og sette kursen rett ned mot bilen igjen.

Dette var ein fin tur som eg anbefalar. Men, dersom eg hadde starta litt tidlegare på dag og det ikkje hadde vore så mykje vind, så hadde eg nok sett kurs mot Sulvatnet og overnatting der.

Panoramatopp nr. 159 og 160 i boks!

Kart over turen:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar