Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2010

Kvitfjellet 1381 moh, Vistdalsheia

Bilde
Hadde lest i ymse turbøker om at turen til Kvitfjellet var ein av dei finaste ryggane ein kunne gå på ski, så det måtte så klart sjekkast ut. Endeleg kom det ein finversdag, på helg, og eg heiv meg i bilen og kjaur inn til Vistdalsheia, kor eg kunne spenne på meg skia i veggrøfta. Det VAR ein flott skitur, med utsikt ned mot Eikesdalsvatnet på den eine sida og Trollveggen i det fjerne på andre sida. TA TUREN- i dag er det verdens aktivitetsdag !

Artig "kompis" på padleturen

Bilde
Var ute og padla utanfor Kårvåg på Averøya då det dukka opp ein artig følgesvenn. Eg har aldri sett sel på så nært hald før, så dette var litt av ei naturoppleving!! Dei små øyene utanfor Averøya er verkelege perler, treng ikkje reise til Sørlandet for å oppleve idyll med kvite hus!

Årets første kajakktur

Bilde
Ein flott tur til Moldeholmane var starten på årets kajakksesong. Mykje fint å sjå både til lands og til vanns om ein kikar seg rundt!

Ryssdalsnebba 1618 moh, frå Eresfjord

Bilde
Ny flott skitur til Ryssdalsnebba i Eresfjorden. Starten på turen var litt kjedelig da vi måtte gå innover ein skogsveg ein times tid før vi fikk starta på motbakken. Men etterkvart kom sola fram og det vart ein N Y D E L I G skitur! Er ikkje mykje som er betre enn å sitte på toppen av eit fjell med knallblå himmel, sol og ikkje eit vindpust- da er livet berre lekkert!!

Blånebba 1320 moh, Vengedalen

Bilde
Jentetur te Blånebba i Vengedalen i nydeleg ver! Har lest om turen i mange turbøker og tenkte at den der utsikta måtte prøvast. Du kan seie turen stod til forventningane!! Ein flott dag på fjellet i godt selskap :-)

Avslutning av påska

Bilde
Dei siste dagane av påskeferien vart brukt til skiturar i området Sollia-Trollvatnet-Batnfjord. Eit flott skiterreng med nydeleg utsikt, både mot Romsdalsfjella og mot Nordmøre. 1.påskedag gikk eg turen frå Sollia og over til Batnfjorden- kjempetur i nydeleg påskever!

Leeenge sidan siste innlegg...

det har gått litt lang tid sidan siste innlegg her på bloggen min, men skal no gjere ein innsats igjen! Vil legge ut tekst og bilder frå ulike aktivitetar den siste månaden ganske så kjapt!