Innlegg

Viser innlegg fra april, 2013

Film frå den siste veka!

Den siste veka har vore ei TOPP (TUR) VEKE!
Sjekk ut filmen frå den siste vekas bravader!

https://vimeo.com/64006584

Panoramajakta held fram, Litjskjorta 1552 moh, Nesset

Bilde
I går gjekk turen til Litjskjorta i Nesset. Saman med ein mannfolkbande på 6 stykk la eg i veg retning Litjskjorta frå Brandstad øverst i Øksendalen.  Det var stappfullt på parkeringsplassen, men heldigvis skulle "17.maitoget" til nabotoppen Fløtatind, og vi og nokre til fekk ha fjellet for oss sjølv.
Dette var årets første skitur kor stilongsen gjerne kunne vore droppa, det var som å vere på grillen oppover mot toppen. Ikkje ein vindpust på heile turen!! Vi tok oss god tid og nytte turen mot toppen. Når ein kjem opp er det ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar!
Etter å ha nytt ei kald øl var det på tide å sette snuten ned igjen. Overraskande bra føre var det mesteparten av turen ned Kannsdalen, men frå skogrensa og ned var det skikkeleg påskeføre.
Ein aldeles nydeleg dag på fjellet, takk for turen Emil, Tore, Ola, Thomas, Asbjørn og Edvin Ole!



















Ettermiddagstur til Kvannfjellet

Bilde
No om dagen er det eit fantastisk ver og det må benyttast. Stakk ein tur på Kvannfjellet i Fræna etter jobb idag. Nydeleg ver og pudderføre på veg ned, inne i bollen på nordsida.









Ettermiddagstur til Tarløysa, Åfarnes

Bilde
Igår tok Tonje, Elisabeth og eg ein etter-jobb-tur til Tarløysa på Åfarnes. Fint fjell med kjempeutsikt, og vi vart belønna med pudder frå toppen til bilen- herrrrrrleg! Dette er instant lykke, livet er herleg i den store godteskåla! Takk for turen jenter!