Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2012

Ferie del 2: Oltervatnet og Trollvatnet frå Grøndalen

Bilde
Idag har mamma, Nora og eg vore på tur til Oltervatnet og Trollvatnet. Køyrde til Istad og tok av til Grøndalen. Ved merke til stikkut-post tok vi av til høgre og parkerte ved bom. Derifrå er det fin grusveg, først til Oltervatnet (kor det er stikkut-post) og så vidare til Trollvatnet. Flott tur i kjempefint turterreng, både sommar og vinter! Einaste minusen var ein del klegg... Oltervatnet Oltervatnet og Trollvassbrakkå Trollvatnet, med Duå inni skodde-dotten til høgre Pink Panters Mykje artig å sjå på tur Myrull var utrulig artig!!

Ferie del 2, Panoramajakta held fram! Snøfjellet, 853 moh

Bilde
No er det lenge sidan siste panoramatopp vart utkryssa, så det var på tide å ta ein topp igjen. Sikta meg inn på Snøfjellet 853 moh, som ligg aust for Skåla. Køyrde inn i Osen og fulgte skogsveg opp til ca. 300 moh, kan køyrast med litt kraftig bil... Derifrå fulgte eg denne ruta:  http://www.endomondo.com/workouts/g4RH7ooYjJw Rett og slett eit kjedelig fjell....men OK utsikt sjølv om skydekket var litt lavt!

Ferie del 1, Austlandet: Campingliv og sykling

Bilde
Etter opphaldet på Ås var det tid for campingliv. Hadde egentlig planer om å sykle rallarvegen og gå Aurlandsdalen, men det var dårlige vermeldingar for den kanten av landet, så eg sette kursen oppover Gudbrandsdalen. Første stopp var Nord-Mesna, mellom Lillehammer og Sjusjøen, kor eg camperte nede ved vatnet. Fin kveld! Laga gulrotbrød på stormkjøkkenet, kjempegodt!! Dagen etter var det stisykling i området frå Mesnasaga - Birkebeiner Skistadion-Mesnasaga. Sjå linken under for ruta: http://www.endomondo.com/workouts/uhp3YDQZgec Mykje fine stiar i området, og eg fikk ein kjempefin tur før himmelen opna seg og det regna non-stop resten av dagen. Etter opphaldet i Lillehammer-området sette eg kursen nordover og svinga av E6 på Dovre mot Grimsdalen. Hadde lest at det skulle vere så fint å sykle der. Camperte for natta rett før bomstasjonen oppe på drøye 1100 moh. Det var svart av mygg der, så har jobba meg gjennom nokre dagar med kløe...

Ferie del 1, Austlandet: Gaustadtoppen

Bilde
Før avreise hadde Tonje bestemt at vi skulle på Gaustadtoppen, så forrige onsdag sette Olav, Tonje og eg snuten mot Telemarks høgaste fjell. Bilturen tok rundt 3 timar kvar veg og vi var ABSOLUTT ikkje åleine på fjellet, var som å gå i 17.mai tog! Og folk gikk i alle slags klede og skotøy, crocs, ballerinasko, seilarsko osv var det plenty av!  Turen opp gikk i stein og ur, og sjølv om vi var godt over 1800 moh så var eg ikkje akkurat imponert over fjellet og utsikta, det siste kan kanksje skuldast litt lavt skydekke...Men når vi kom ned til bilen igjen kom sola også.... Men alle var einige i at det hadde vore ein fin tur!