tirsdag 31. juli 2012

Ferie del 1, Austlandet: Campingliv og sykling

Etter opphaldet på Ås var det tid for campingliv. Hadde egentlig planer om å sykle rallarvegen og gå Aurlandsdalen, men det var dårlige vermeldingar for den kanten av landet, så eg sette kursen oppover Gudbrandsdalen. Første stopp var Nord-Mesna, mellom Lillehammer og Sjusjøen, kor eg camperte nede ved vatnet. Fin kveld!



Laga gulrotbrød på stormkjøkkenet, kjempegodt!!




Dagen etter var det stisykling i området frå Mesnasaga - Birkebeiner Skistadion-Mesnasaga. Sjå linken under for ruta:
http://www.endomondo.com/workouts/uhp3YDQZgec

Mykje fine stiar i området, og eg fikk ein kjempefin tur før himmelen opna seg og det regna non-stop resten av dagen.






Etter opphaldet i Lillehammer-området sette eg kursen nordover og svinga av E6 på Dovre mot Grimsdalen. Hadde lest at det skulle vere så fint å sykle der. Camperte for natta rett før bomstasjonen oppe på drøye 1100 moh. Det var svart av mygg der, så har jobba meg gjennom nokre dagar med kløe...


Morgonstemning


Køyrde gjennom heile dalen omtrent til endes på Folldalssida før et sette meg på sykkelen og sykla opp og ned dalen igjen. Kjempefin sykkeltur!













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar