Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2015

17.mai og panoramajakt; Ringshornet nordvest 1473 moh, Trollstigen

Bilde
Det er ikkje mykje som kan måle seg med skitur i strålande ver på 17.mai! Benthe og eg heiv oss rundt i dag tidleg, satsa på at yr ikkje ville slå heilt til og stola på det vi såg av finver, og sette kursen mot Trollstigen. Dagens mål var Ringshornet nordvest, og kanskje sjølve Ringshornet. På Trollstigen var det sol frå nesten skyfri himmel og oppoverbakkane vart av den varme sorten! Turen opp er ikkje så lang, men utsikta er heilt fantastisk heile turen. Heile turen var vi midt i eit flott vervindu med berre finver, medan det rundt oss var gråe skyar! På toppen tok vi oss tid til verkeleg å nyte, og bestemte oss for å droppe Ringshornet, det står der til ein anna gong (og er ikkje panoramatopp....).  Føret ned var innafor med unntak av siste strekket ned til vegen, då var det berre å legge seg godt bakpå og unngå tryn i den pillråtne snøen.  Panoramatopp nr. 147 i boks.  Ein aldeles nydeleg måte å feire 17. mai på. Når du har

Panoramajakt og gamle bekjentskap; Storgrovfjellet 1629 moh og Breitind 1797 moh, Trollstigen

Bilde
I går var det ein perfekt dag for skitur på Trollstigen! Vårskiturar er noko for seg sjølv. Benthe, Elisabeth og eg la av garde frå Stigrøra med mål om to, kanskje tre toppar og skulle bruke dagen til fjells. Og, vi var ikkje åleine på fjellet!! Bispen, Kongen og Isterdalen Vel oppe i Stigbotnen sette vi kurs mot dagens første mål, Storgrovfjellet. Det steig jamt på og kroppen fikk brukt seg, men høgdemetra gjekk relativt fort unna. Halvvegs oppi fjellet tok vi ein matpause og nytte utsikta mot Stigbotthornet, kor også nokon kryssa seg oppover. Stigbotthornet Finnan og Alnestind til høgre, Slettvikane i midten og Stigbotthornet til venstre Finnan og Bispen Oppe på toppen var det eit nydeleg skue rett over til Trolltindane med alle sine spir. Å stå på toppen av eit fjell å sjå spisse fjell, grøne dalar og blått hav med sine kontrastar er rett og slett nydeleg. Utsikta frå Storgrovfjellet Etter å ha nytt utsikta og dokumentert besti

Panoramajakta held fram; Skjervan 1545 moh, Innfjorden

Bilde
Idag tok eg og Benthe turen til Skjervan i Innfjorden. Og for ein dag det vart!! Knallblå himmel, påskestemning, ei aldeles fantastisk utsikt og DET føret ned igjen! Mykje pudder! Skjervan er eit fantastisk fint fjell, hit skal eg igjen! Panoramatopp nr. 145 i boks! Takk for turen Benthe!