Panoramajakt og gamle bekjentskap; Storgrovfjellet 1629 moh og Breitind 1797 moh, Trollstigen

I går var det ein perfekt dag for skitur på Trollstigen! Vårskiturar er noko for seg sjølv. Benthe, Elisabeth og eg la av garde frå Stigrøra med mål om to, kanskje tre toppar og skulle bruke dagen til fjells. Og, vi var ikkje åleine på fjellet!!

Bispen, Kongen og Isterdalen


Vel oppe i Stigbotnen sette vi kurs mot dagens første mål, Storgrovfjellet. Det steig jamt på og kroppen fikk brukt seg, men høgdemetra gjekk relativt fort unna. Halvvegs oppi fjellet tok vi ein matpause og nytte utsikta mot Stigbotthornet, kor også nokon kryssa seg oppover.

Stigbotthornet
Finnan og Alnestind til høgre, Slettvikane i midten og Stigbotthornet til venstre

Finnan og Bispen

Oppe på toppen var det eit nydeleg skue rett over til Trolltindane med alle sine spir. Å stå på toppen av eit fjell å sjå spisse fjell, grøne dalar og blått hav med sine kontrastar er rett og slett nydeleg.

Utsikta frå Storgrovfjellet






Etter å ha nytt utsikta og dokumentert bestigninga, sette vi kursen mot Breitind. Overraskande bra skiføre på turen ned. Vi skråa over under Stigfjellet og kom inn på hovudvegen til Breitind. På med fellene igjen og krysse seg heile vegen opp til toppen.

På veg til Breitind, Trolltindane dukkar opp igjen.



Romsdalshorn og Vengetindane

Folk på rekke og rad
Vi tok turen bort mot Lille Breitinden, det er også ein panoramatopp, for å sjekke om det var mogleg å komme seg opp dit. Vurderte det dit hen at det var for mykje snø, for bratt, hadde ikkje med stegjern, så den får vente til sommaren.

Lille Breitind
Eg kjem tilbake!
Utsikta frå Breitind 1797 moh



Etter å ha nytt utsikta frå toppen sette vi kursen nedover igjen. Første stopp ein lengre matpause på kanten av nedkjøringa. Så, var det berre å nyte omtrent 1000 høgdemeter med nedkjøring. Føret var alt frå pudder til blaut nysnø til godt oppkjørt slusj med råtne tendensar.

Rett og slett ein nydeleg dag på fjellet. Takk for turen Benthe og Elisabeth!


Panoramatopp nr. 146 i boks. 

Kommentarer

Legg inn en kommentar