Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2014

Panoramajakta held fram, Daurmålhaugen 1111 moh og Daurmålhaugen 1080 moh

Bilde
For ein fantastisk dag- knallblå himmel, sol og vindstille. Og til og med nokre fregner!!
Idag tok eg turen til Daurmålhaugane, som ligg mellom Vistdal og Mittet. Køyrde til Skorga, parkerte langs vegen og gikk langs skogsveg til Skorgedalssetra. Eg tok ikkje med ski på turen, då det såg ut som det var veldig lite snø i området. Opp til Skorgedalssetra var det minimalt med snø langs vegen, men det auka på etterkvart. I områder var det ca 20 cm luftsnø, men under var det holke, så det var berre å montere stegjerna, som vart på heile vegen. Det hadde vore mogleg å gått på ski delar av turen, men store delar var det lite skiføre. Etter å ha passert Skorgedalssetra sikta eg meg inn mot høgdedraget mellom Slettefjellet og Daurmålhaugen. Så var det berre å labbe vidare mot Daurmålhaugen 1111 moh og vidare til Daurmålhaugen 1080 moh. Retur tok eg samme veg som opp. Ein fantastisk fin tur, men veldig sliten når eg kom ned til bilen! Panoramatopp nr. 108 og 109 i boks. Snart halvvegs!















Kvardagsliv!

Bilde
Travle tider for tida, men her er litt frå den siste veka.

Det er lite vinterleg stemning for tida, det er heilt feil å sykle på sommardekk og i lett antrekk i februar, men fint var det.



Idag har eg vore ein tur i Kristiansund på møte og rakk ein liten rusletur.















Har klatra med Kristin





Årets første panoramatopp! Høgsalen 622 moh

Bilde
Høgsalen ligg på grensa mellom Skodje og Haram. Etter møte i Ålesund, så tok eg turen opp dit tidlegare i veka. Eg køyrde til Skodje og tok av mot Engesetdalen og vidare til Storsetra. Når eg kom til bomveg parkerte eg. Derifrå sykla eg så langt opp som vegen gikk, parkerte sykkelen og gikk resten av turen til topps. Det var VELDIG sur vind på toppen, så det var ikkje så mykje tid til å nyte utsika, sjøl om den var rett så lekker!!
Topp nr. 107 i boks.