onsdag 19. februar 2014

Panoramajakta held fram, Daurmålhaugen 1111 moh og Daurmålhaugen 1080 moh

For ein fantastisk dag- knallblå himmel, sol og vindstille. Og til og med nokre fregner!!
Idag tok eg turen til Daurmålhaugane, som ligg mellom Vistdal og Mittet. Køyrde til Skorga, parkerte langs vegen og gikk langs skogsveg til Skorgedalssetra. Eg tok ikkje med ski på turen, då det såg ut som det var veldig lite snø i området. Opp til Skorgedalssetra var det minimalt med snø langs vegen, men det auka på etterkvart. I områder var det ca 20 cm luftsnø, men under var det holke, så det var berre å montere stegjerna, som vart på heile vegen. Det hadde vore mogleg å gått på ski delar av turen, men store delar var det lite skiføre. Etter å ha passert Skorgedalssetra sikta eg meg inn mot høgdedraget mellom Slettefjellet og Daurmålhaugen. Så var det berre å labbe vidare mot Daurmålhaugen 1111 moh og vidare til Daurmålhaugen 1080 moh. Retur tok eg samme veg som opp. Ein fantastisk fin tur, men veldig sliten når eg kom ned til bilen! Panoramatopp nr. 108 og 109 i boks. Snart halvvegs!


Eit av naturen sine eigne kunstverk

Daurmålhaugen til venstre, Ryptind (på Mittettraversen) til høgre

Skåla, Langfjorden og Otrøya

Begge daurmålhaugane. Eg gikk langs snøstripa

Høg sol over Mittettraversen




Utsikta frå Daurmålhaugen 1111 moh

Vengetindane i sikte

Ein stykk happy panoramajeger!


Ein bit av Noreg

Juratind stikk opp bak Vasstindan

Vengetindane

Vengetindane, Romsdalshorn og Trollveggen blant mange andre

Trollveggen

Gogsøyra og Litj-skjortene

Harstadfjellet frå ein litt uvant vinkel, med Silsetvatnet i framkant

Skjortene





Utsikta frå Daurmålhaugen 1111 moh

Skjortene, Gogsøyra, Fløtatind


Tilbakeblikk mot Daurmålhaugen 1111 moh

Fantastisk lys!

Dagens toppar!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar