Panoramajakta held fram; Blåbretindane i Sykkylven

Dei tre Blåbretindane i Sykkylven har stått på lista ei god stund. Det er mogleg å ta toppane både frå Fet i Sykkylven, frå Trandal og frå Riksemdalen. Eg starta ut frå Fet og gjekk langs tydeleg sti opp til Fetkollen. Det er ikkje skilta frå vegen, men frå gardane på Fet går det ein traktorveg ein følgjer til høgste punkt før stien startar. Ruta er den same som til Trollkyrkjetindane, den er omtala her. 
Blåbretindane litt til høgre i biletet

Det stig bratt på oppover mot Fetkollen og høgdemetra går unna. Det er fin og tørr sti heile vegen opp Og etterkvart som ein kjem over skogen opnar det seg opp og ein ser fjell i alle retningar. 


Trollkyrkjetindane
Mot Velledalen
Oppe på Fetkollen er det slutt på sti og lyng, no er det stein og snø som gjeld resten av turen til topps. Eg gjekk så mykje eg kunne på dei tørre svaberga, resten på snøen. Den var heldigvis ganske fast og fin, så ingen problem å gå på den. Gjekk til høgre på snøen og runda opp til den litje knausen ein ser heilt til venstre i biletet under. 


Blåbretindane sett frå Fetkollen
På veg oppover går ein under Trollkyrkjetindane, kule toppar! Dei skiftar utsjånad frå vinkel til vinkel. På veg opp breen ser den nesten ut som den lokale Svolværgeita!
Trollkyrkjetindane. 
 Etter kvart kjem ein så høgt opp at ein får utsikt til Sykkylven også.



Eg har besøkt Riksemdalen tre gonger, alle gongane inn via grusveg frå Riksem. Det er artig å sjå korleis fjell og formasjonar endrar seg etter kva for vinkel ein ser dei frå. Men uansett, Riksemdalen er ei perle uansett vinkel!

Delar av Riksemdalen
For nokre veker sidan var eg i Molladalen og i Trandal, artig å sjå toppane eg var på frå ein heilt anna vinkel. På det første biletet under er Trandalhatten ganske så tydeleg, på det andre biletet er Molladalstindane.
Trandalhatten omtrent midt i biletet

I Moldepanoramaet er tre Blåbretindar, alle på rekke og rad langs ein rygg. Den første og den andre er enkle punkt langs ryggen, men den tredje kan sjå rett så vanskeleg og bratt ut på avstand. Sjå biletet under. Men det er som i 99 % av tilfella, fjellet "opnar" seg når ein kjem inn til det. 

Den høgste Blåbretinden i sikte
Topp nr. 2
Artig figur i skaret mellom topp 2 og 3
Ned frå topp nr 2 er det litt bratt, men ikkje eksponert. Opp til siste topp låg det snø omtrent halvparten av distansen frå skaret, og sidan den låg nordvendt var den ganske hard. Eg tok på stegjern og fiska fram øksa. Det såg egentlig ganske vanskeleg ut, lurte litt på korleis eg skulle komme meg opp....Men, det er som bestandig (nesten iallefall!) mykje enklare enn kva det ser ut til, og ruta gav seg sjølv. Berre ein tek seg god tid og ser etter fot og armtak, så er ingen problem å klyve opp. Det var også tydelege tråkk innimellom. 


Frå toppen av topp 3 og mot topp nr 2 - bratt!
Det er artig med slike klyvetoppar og fantastisk artig å komme opp på toppen, min topp nr. 200 i Moldepanoramaet!


Og, for ei utsikt da!!

Rånå til venstre og Skardrabben fremst til høgre
Molladalstindane
Utsikt ned mot Riksemdalen. Trandalshatten heilt til venstre, så Tårnet og etterkvart Tungremtindane. Molladalstindane lengst bak til høgre.
Dravlausnyken fremst, Hammarsettindane attast
Frå Aure sentrum til Velledalen
Turen ned var berre ein stor parademarsj! Mange gratis høgdemeter ned på snøen og gleda over at eg kunne krysse ut topp nr. 200 gjorde at turen gjekk unna i ein fei!

Nydeleg dag i Sykkylven!




Kommentarer