Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2012

Litjeskåla 902 moh

Bilde
Søndagsturen gjekk idag til Litjeskåla 902 moh. Vi kjaur til Skålsetra og parkerte der. Starten på stien var ikkje merka, men etter å ha passert to hytter må ein legge hardt over til høgre. Stien startar rett bak hytte nr. 2. Derifrå er det ingen problem å finne vegen til toppen av fjellet, og stien er fin og for det meste tørr. Etterkvart som vi kom oss over skogen vart utsikta rett så formidabel! Vinden vart sterkare og sterkare jo lenger vi kom oppover fjellet, og på toppen var det regelrett kaldt og guffent og så sterk vind at det var vanskelig å halde balansen. Var best å snu nasen kjapt nedover igjen! Fin tur med kjempeutsikt store delar av turen! Tusen takk for turen Tonje!

Nyheitind 1598 moh og Sjøvdøla 1719 moh - fantastisk dag på ski!

Bilde
Har i mange år hatt lyst til å ta turen til Sjøvdøla på vårskitur, og idag vart det både Nyheitind og Sjøvdøla. Nyheitind måtte eg stikke innom, det er jo ein moldepanorama-topp!! Starta frå Meringdal tidleg på morgonen med skia på sekken og klatra sakte med sikkert oppover lia på fin sti. Først på ca 650 moh var det på med skia. Fint skiføre innover forbi Røndølskarvatnet og vidare opp mot vatn 1014. Deretter fulgte eg ryggen som fører opp til breen under Nyheitind og Sjøvdøla, og fortsatte rett fram og opp til Nyheitind. Fantastisk utsikt på toppen!! Sette så kursen over breen og bort til "foten" av Sjøvdøla og tok dei siste 250 hm opp til toppen. F A N T A S T I S K utsikt frå toppen - rett under eit blikkstille Eikesdalsvatn, utsikt heilt til Smøla og Snøhetta! I tillegg var det blikkstille og bikini-temperatur på heile turen...så ein smule raud enkelte plassar no... Returen tok eg ned skaret til vatn 1014 før eg tok same veg som oppover.  Rett og slett ein fantasti

Kjerringlia/Dyrstiknubben 640 moh, ved Fosterlågen

Bilde
I jakt på moldepanorama-toppar stod i dag Kjerringlia for tur. Var i same område på 17. mai kor eg tok nabotoppen Vetafjellet. Turen opp gikk på fin sti frå vegen langs Fosterlågen. Fin tur i eit fantastisk sommarver, blå himmel, sol og 25 grader på toppen- måtte det vare lenge!! Takk for turen Heidi-Iren! Utsikt frå toppen mot Skjorta Livet er herrlig! Fosterlågen, Heggem, Duå og Reinsfjellet Dokumentering Mot Reinsfjellet Utsikt mot Vetafjellet og Skåla

Ålesund

Bilde
Har vore i Ålesund ein tur med jobben idag, og før møtet starta var vi på ei lita byvandring i finveret!

Rundtur på Midsund - nye toppar kan kryssast av!

Bilde
Idag har eg vore på ein rundtur på Otrøya på jakt etter fleire panoramatoppar. Starta frå Nord-Heggdal og første mål for turen var Heggdalshornet 684 moh, før eg sette kursen mot Slettheia 635 moh, Vågsåta 632 moh og Grøtte 650/698 moh. Var på Opstadhornet i påska, og etter denne turen kan eg no krysse ut alle moldepanorama-toppar på Otrøya. Fin dag på fjellet, men framleis ein del snø, til og med nysnø! På toppen av Heggdalshornet, Molde i bakgrunn Utsikt mot Gossen Topp nr 2 Slettheia Endelig på siste topp, Grøtte 698 moh Her ser ein resten av ruta - frå heggdalshornet På Vågsåta, dagens tredje Utsikt mot Grøtte, dagens siste topp!