Litjeskåla 902 moh

Søndagsturen gjekk idag til Litjeskåla 902 moh. Vi kjaur til Skålsetra og parkerte der. Starten på stien var ikkje merka, men etter å ha passert to hytter må ein legge hardt over til høgre. Stien startar rett bak hytte nr. 2. Derifrå er det ingen problem å finne vegen til toppen av fjellet, og stien er fin og for det meste tørr. Etterkvart som vi kom oss over skogen vart utsikta rett så formidabel!

Vinden vart sterkare og sterkare jo lenger vi kom oppover fjellet, og på toppen var det regelrett kaldt og guffent og så sterk vind at det var vanskelig å halde balansen. Var best å snu nasen kjapt nedover igjen!

Fin tur med kjempeutsikt store delar av turen!
Tusen takk for turen Tonje!









Kommentarer