Innlegg

Viser innlegg fra april, 2015

Harstadfjellet 1004 moh i Batnfjorden - ei perle på ski!

Bilde
Påskeaften vart ein fantastisk dag på ski på Harstadfjellet! Eg sette kursen opp lia frå Gaupset, og det var ikkje lenge før skia kunne kome på, og det går ganske kjapt å kome seg opp til skoggrensa. Allereie då er utsikta storslagen, Trollveggen og Vengetindane viser seg fram i all si prakt. Vårføre! Så er det å krysse seg oppover fjellet og nyte utsikta på turen. Vengetindan, Trollveggen, Skåla og mange andre Storfjellet/Rødfjellet, Stokknoken, Bergsøya, Tustna, Aure, Halsa og Tingvoll. Oppe på ryggen opnar deg seg opp i alle retningar. Dersom eg følgjer ryggen litt lenger vest enn til varden, så opnar utsikta seg vestover også. Aldeles nydeleg! Averøya til høgre, så Frei, Kristiansund, Smøla, Grip, Tustna og Aure Trolltindan og Eide Skeidsdalen og Reinsfjellet Batnfjorden Fræna, Eide, Atlanterhavsvegen og Averøya Eide og Sandnestindan/Trolltindane Etter å ha nytt utsikta heiv eg meg over kanten og susa nedover i fantastisk f

Påskeferie i Batnfjorden - låge fjelltoppar, brukbart føre og flatt lys!

Bilde
Delar av påskeferien var eg i Batnfjorden, og då rakk eg nokre turar i bygda. Raudheia 670 moh - sol og bra føre Utsikta frå Raudheia mot Sør-Sør-Aust   Batnfjorden Meddagshåjinn (Steinlifjellet) 572 moh - flatt lys og pudder Silsetvatnet Trudde sola skulle kome, men den vart borte så kjapt som den kom... Snøtind - flatt lys, null sikt, ingen toppkjenning men rett så bra føre! Fint ver og vårstemning i starten av turen Flott utsikt på rundt 900 moh.... Var ikkje vits å prøve seg på toppen, så vi sette snuten ned igjen. Det var overraskande godt føre på fjellet.... Litt dårligare føre i skogen.... Men alle var einige i at det hadde vore ein fin tur!

Panoramajakta held fram; Ørastolen 1393 moh, Stordal

Bilde
I påska tok eg turen til Ørastolen i Stordalen. Det er såklart ein panoramatopp, og no var det på tide å få krysse ut ein topp til! Turen startar frå Overøye skisenter i Stordal. Første del av turen går opp alpinbakken til Heimste Ørabotn/Øravatnet. Der tok eg til venstre/aust og kryssa opp mot Kollen. Det var ei rype til på tur!! Utsikta frå Kollen mot Ørastolen Frå Kollen mot Auskjæret Utsikt mot Lauparen og Brudefølgjet Derifrå fulgte eg eggen vidare bort til toppen av Ørastolen. Kjempeartig ryggtravers og ei fantastisk utsikt på vegen, både til Lauparen og nabofjella og Nonstind og andre romsdalsfjell. Siste biten opp til topp-platået Molde i det fjerne Utsikt ned mot Pusken og Romsdalsfjell Lauparen Først i sporet! Kollen, Auskjæret og ryggen eg følgde Oppe på toppen var ikkje utsikta mindre imponerande. Dyrdalstind og Trollvasstindan Panorama frå toppen mot nord Panorama frå toppen mot Sør-Sør-Aust Ski