Panoramajakta held fram; Ørastolen 1393 moh, Stordal
I påska tok eg turen til Ørastolen i Stordalen. Det er såklart ein panoramatopp, og no var det på tide å få krysse ut ein topp til!
Skiføret på turen ned var ingenting å skrive heim om, det var gamal fokksnø med sugeføre, som å drive med kulekøyring! Det vart heldigvis betre føre då eg nærma meg skoggrensa, og turen gjennom skogen ned til vegen baud på artig kjøring mellom trea.
Turen startar frå Overøye skisenter i Stordal. Første del av turen går opp alpinbakken til Heimste Ørabotn/Øravatnet. Der tok eg til venstre/aust og kryssa opp mot Kollen.
Oppe på toppen var ikkje utsikta mindre imponerande.
Det var ei rype til på tur!! |
Utsikta frå Kollen mot Ørastolen |
Frå Kollen mot Auskjæret |
Utsikt mot Lauparen og Brudefølgjet |
Derifrå fulgte eg eggen vidare bort til toppen av Ørastolen. Kjempeartig ryggtravers og ei fantastisk utsikt på vegen, både til Lauparen og nabofjella og Nonstind og andre romsdalsfjell.
![]() |
Siste biten opp til topp-platået |
Molde i det fjerne |
Utsikt ned mot Pusken og Romsdalsfjell |
Lauparen |
![]() |
Først i sporet! |
Kollen, Auskjæret og ryggen eg følgde |
Oppe på toppen var ikkje utsikta mindre imponerande.
Dyrdalstind og Trollvasstindan |
![]() |
Panorama frå toppen mot nord |
Panorama frå toppen mot Sør-Sør-Aust |
Skiføret på turen ned var ingenting å skrive heim om, det var gamal fokksnø med sugeføre, som å drive med kulekøyring! Det vart heldigvis betre føre då eg nærma meg skoggrensa, og turen gjennom skogen ned til vegen baud på artig kjøring mellom trea.
Ein utruleg fin tur. Eg er glad eg tok rundturen eg gjorde istaden for å gå opp og ned same rute. Ryggtraversen var fin og eg hadde turen for meg sjølv!
Kommentarer
Legg inn en kommentar