Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2011

Skummelt på kaia??

Bilde

Vadsø og Vadsøya

Bilde
Idag gjekk turen vidare til Vadsø, kor eg i morgon skal halde innlegg på ein konferanse om frivillighet i Finnmark. Det skal bli spennande! Når eg kom fram til Vadsø, tok eg meg ein frisk spasertur ut til Vadsøya. Landskapet er ute er flatt og havet står rett på, men fasinerande på sin måte. Men takk for dunjakka seier berre eg...

Frisk og kald 17. mai i Hammerfest

Bilde
Etter tre fine dagar i Hammerfest, kom skitveret til Hammerfest. Det har vore ein heller sur opplevelse, med 1 plussgrad, kuling og snødrev...Her måtte ein fram med både dunjakke, regnklede, hue, votta og goretex-sko! Sjelden ein kaffekopp har smaka så godt som den på Elvetun Skole når toget var ferdig!! Men trass i dårlig ver, så har stemninga vore upåklagelig!

Nok ein nydeleg dag i Hammerfest!

Bilde
Det har vore nok ein dag med knallver her i Hammerfest, og dagen har eg brukt til spasertur ti byen for å drikke kaffe på Hurtigruta, heilt vanleg praksis her oppe. Så gikk turen vidare over "byfjellet" Salen saman med Ingebjørg & co, ned til Storvatnet og til Sætergamdalen, kor det vart servert kake og kaffe på verandaen! Dagen vart avslutta med meir soling på verandaen på hotell Heggem-Wiik! Ein super dag, har til og med vorte litt solbrent!!

Ein nydeleg dag i Hammerfest!

Bilde
Idag har det vore ein aldeles strålande dag her i Hammerfest, og dagen har vore brukt til ein bytur med kafebesøk og resten av dagen på verandaen med ei god bok- strålande dag!

Hammerfest

Bilde
Idag har eg reist til Hammerfest for å besøke gamle kjente. Etter tre flystrekningar landa eg endeleg utpå ettermiddag, og er no vel innstallert på hotell Heggem-Wiik. Ser fram til fem flotte dagar her i verdas nordlegaste by!

Geiranger

Bilde
Det viser seg at mine to innlegg frå Geiranger er borte frå blogen, så legg ut nokre bilete på nytt. Har vore to dagar i Geiranger på personalsamling, og vi fikk tid til ein flott fottur til Flydalsjuvet og ein tur med kajakk på fjorden ein tidleg morgon. Padlinga frista definitivt til gjentaking, spørs om det blir ein del av ferien!

Geiranger del 2

Bilde
Vi starta dagen på Geirangerfjorden i kajakk- tidleg, men for ein start på dagen!