Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2014

Panoramajakta held fram: Nebba, 1105 mob, Mittet

Bilde
No var det på tide med ein panoramatopp igjen, og etter ein roleg morgon sette eg kursen mot Mittet. Dagens mål var Nebba, 1105 moh. Første etappe var nokre km på veg innover mot Skrukkensetra, gikk store delar av strekninga på føtn, då det var mykje bart og hard snø. Etterkvart kom eg meg på skia og ved Skrokkensetra kryssa eg elva og sette kursen oppover ryggen. Det er laaaaaaange, slaaaaake flater oppover mot siste stigning, så det vart ein dryg tur. Kom til slutt opp til siste motbakken, og ca. 350 hm etter var eg på toppen. Det var nydeleg ver i starten, men då eg nærma meg toppen kom skodda sigande innover toppen. Så desverre vart det begrensa med utsikt frå toppen... Nebba er tydelegvis ein lite besøkt topp, det var ingen som hadde skrive seg inn i boka sidan november i fjor!! Det var rett så bra føre ned igjen, iallefall i første halvdel. Etterkvart vart det sugeføre og lite føre!  Men alt i alt, ein fin, lang (17 km) tur! Panoramatopp nr. 112 i boks, eg er over h

Bomtur og soltur i Eresfjord!

Bilde
Igår hadde eg tenkt å gå på Ryssdalsnebba og prøve meg på ryggen bort til Staveskoren/Storgladnebba. Men dei planane var det berre å skrinlegge når eg kom litt opp i lia og fekk sjå kor lite snø det var oppover mot Ryssdalsnebba. Det frista ikkje å hoppe over steinar og barflekkar på returen, så skrinla plana. I staden vart det ein runde inn til Kanndalssetra, opp til Nordmørs/Romsdalsskaret og vidare til Vardfjellet. Det vart innlagt mange lange solingspausar og det var ein nydeleg dag ute på tur. Fregnefangsten var det iallefall ikkje noko å seie på! Mektige frusalen Monstermaster? Bakels og graut - perfekt til kaffen!

Gullkysten! Nydeleg kveld i Molde

Bilde
Her er ord overflødige!

Skarven og Loftskardtind, Isfjorden

Bilde
Idag hadde eg tenkt meg til Klauva i Isfjorden. Starta med friskt mot frå parkeringa og måtte fort bli kvitt nokre klesplagg, var som å vere på grillen opp lia mot Loftskardsetra....Etter å ha passert setra auka vinden på, og oppe i skaret mellom Skarven og Søre Klauva var det ganske så frisk vind, og snøfokken stod av fjelltoppane i rundt, og spesielt på Klauva. Eg tenkte at det skal jo vere litt kos dette også, så eg var ikkje interessert i å klore meg faste med hend, føt og tenner for å karre til meg ein ny panoramatopp. Så derfor gjekk eg opp på Skarven, og kjørte ned på nordsida, mot Svartevatnet og Loftskardet. Brukbare skiforhold, men ein del fokksnø/kartong. Rann så langt eg kunne før eg måtte ta på fellene og gå opp mot Loftskardet. Det var jo framleis tidleg dag og eg såg ingen grunn til å styrte heim, så eg sette kursen opp lia mot Loftskardtind. Der oppe var det også ganske så frisk vind, så eg droppa ideen om å gå traversen over til Galtåtind. Etter ein liten tur inn i