Panoramajakta held fram: Nebba, 1105 mob, Mittet

No var det på tide med ein panoramatopp igjen, og etter ein roleg morgon sette eg kursen mot Mittet. Dagens mål var Nebba, 1105 moh. Første etappe var nokre km på veg innover mot Skrukkensetra, gikk store delar av strekninga på føtn, då det var mykje bart og hard snø. Etterkvart kom eg meg på skia og ved Skrokkensetra kryssa eg elva og sette kursen oppover ryggen. Det er laaaaaaange, slaaaaake flater oppover mot siste stigning, så det vart ein dryg tur. Kom til slutt opp til siste motbakken, og ca. 350 hm etter var eg på toppen. Det var nydeleg ver i starten, men då eg nærma meg toppen kom skodda sigande innover toppen. Så desverre vart det begrensa med utsikt frå toppen...

Nebba er tydelegvis ein lite besøkt topp, det var ingen som hadde skrive seg inn i boka sidan november i fjor!!

Det var rett så bra føre ned igjen, iallefall i første halvdel. Etterkvart vart det sugeføre og lite føre! 
Men alt i alt, ein fin, lang (17 km) tur!

Panoramatopp nr. 112 i boks, eg er over halvvegs!!






Nebba, 1105 moh
Utsikta frå toppen....
Hyggeleg helsing på toppen!



Måsvasstind, Litle Blåtind/Svartvasstind og Såta - tur til sommaren
Dagens mål

Kommentarer