Innlegg

Viser innlegg fra august, 2015

Panoramajakta held fram; Rognnebba 1497 moh, Surnadal

Bilde
Har du lyst på ein LANG tur?   Ta turen til Rognnebba i Surnadal! Ein kan ikkje få alt som ein vil i denne panoramajakta. Ideelt sett skulle det vore kort anmarsj til alle fjell, men slik er jo ikkje geografien. Målet for forrige helg var Rognnebba i Surnadal. Eg køyrde til Vindøldalen, som er knappe to mil nord for Surnadal sentrum. Bomvegen er ei drøy mil, men i god stand. Det er parkeringsplass ved bom, men vegen held fram i drøye 8 km til!! Så, etter å ha pakka sekken sette eg meg på sykkelen vidare innover dalen. Første 6,5 km er på fin grusveg, før standarden etterkvart blir dårlegare og dårlegare og ender opp i ein veldig bratt veg uegna for sykling, iallefall oppover. Vegen ender rett under utløpet frå Vassdalsvatnet. Eg skulle ikkje dit, så etter ca 8 km la eg frå meg sykkelen bak ein stein og fortsette til fots. Vindøldalen sett frå inngangen til Fagerlidalen Mykje stor furu i området! Hadde googla som ein helt på førehand, men det var ikkje mykje vettugt å f

Panoramajakta held fram; Dronninga 1544 moh, Rauma

Bilde
I fleire år har eg hatt lyst til å kome meg opp på Dronninga. Har fleire gonger stått på Kongen og sett ned, så nær men likevel så langt unna. For eit par veker sidan bestemte Benthe og eg oss for å prøve oss på Dronninga. Vi bestemte oss for å gå frå Innfjorden og då blir turen nesten 1500 høgdemeter. Istaden for å ta heile turen i eitt, gjekk vi dagen før opp til Haugabottsvatnet.  For å kome til start køyrer ein til Innfjorden, tek av mot Bøstølen og så til venstre kor det er skilta mot Vikdalen. Etter eit gardstun startar bomveg, og det er berre å følgje denne til parkeringsplass. Frå parkeringa er det omlag 500 høgdemeter opp til vatnet.  Det var ein varm ettermiddag og motbakken var bratt, knappe 300 høgdemeter går på skogsveg før det går over i godt merka sti fram til vatnet. Vel oppe var vi skumsvette og lettare kokte, så etter å ha sett opp telta var det tid for eit bad av den iskalde typen! Snøsmeltinga er ikkje ferdig i fjellet så det var iskaldt, men utruleg for