Innlegg

Viser innlegg fra september, 2016

Snøtinden 1027 moh, Gjemne/Eide

Bilde
Snøtinden, det høgste fjellet i Gjemnes og Eide, er ein av mine favorittar. Her er nokre bilete frå ein fin tur i sommar!

Bløkallen og Drynahatten, Midsund

Bilde
Eg har vore på ein del toppar på Midsund, på Otrøya, men ikkje på Midøya og Dryna, så eg tok turen til Bløkallen og Drynahatten. Bløkallen kan ein gå til frå fleire sider, eg starta frå Ramsvika. Det er ikkje tid til oppvarming, det er rett opp frå starten av, så høgdemetra går ganske kjapt unna og plutseleg er ein over skogen og kan ta siste ryggen opp til toppen. På toppen er det nydeleg utsikt i alle retningar! Bløvatnet Innover Moldefjorden Vatnefjorden og Vatne Stemshesten og Melen i det fjerne Klaustehornet til venstre, Rørsethornet og Ræstadhornet til venstre Harøya Drynahatten

Panoramajakta held fram; Middagstinden 1569 moh, Innfjorden

Bilde
Middagstinden i Innfjorden har stått på plana ei stund, og plutseleg dukka det opp ein finversdag innimellom regndagane. Vegen opp til Bøstølen er bomveg, og i det vegen kryssar elva over mot Bøstølen er det mogleg å parkere på venstre side. Kryss vegen og følg elva i retning Innfjorden, det er merka sti heile vegen opp til Tindevatnet. Etter å ha kryssa nokre myrparti, gikk stien rett til himmels!! Stien går meir eller mindre rett opp, så låra får kjaurt seg. Oppe ved Tindevatnet var det på tide med ein liten matpause, før eg starta på neste etappe. Frå vatnet må ein over ein liten haug og litt ned før ein startar på knappe 600 høgdemeter, for det meste i urd. Eg kryssa meg oppover i urda og ut på sørvestryggen. Så var det berre å krysse seg oppover og nyte utsikta. Fantastisk utsikt frå toppen, og artige pinnaklar rett under toppen! Toppen i det fjerne Tindevatnet Nonstinden Trollveggen Molde langt der borte Skjervan - kjempefint skifjell

Panoramajakta held fram; 5 toppar i Sandgrovbotn, Rauma/Nesset

Bilde
I Sandgrovbotnen er det mange panoramatoppar. Eg var der forrige sommar, men hadde framleis 5 toppar. Det kom endeleg nokre finversdagar i midten av juli, så det var berre å pakke bilen. Første dag sette eg kursen innover Mardalsbotn, og dagens mål var fire toppar i området rundt Hauduken (innringa på kartet under). Mardalsbotnen og nokre av dagens mål i sikte Mardalsfossens øvre del Mardalsbotn Det er langdrygt innover Mardalsbotnen, men etter knappe 5 km kunne eg endeleg begynne på motbakkane opp mot toppane. Eg kryssa over botnen mellom Midtre Mardalsvatnet og Indre Haudukvatnet. Slike langdryge anmarsjar er eg lite glad i, det tek så lang tid før ein endeleg kan starte på turen.  Juratind dukka opp! Morgodalstindane og Kjøvskardtinden Fjell i fjell!! Mardalsbotnen Eg sette kursen rett opp mot breen under Hauduken. I siste stigninga opp opp mot breen var det eit litt vanskeleg parti, glatt svaberg, men eg fann ein omveg og var ende