Panoramajakta held fram; Middagstinden 1569 moh, Innfjorden

Middagstinden i Innfjorden har stått på plana ei stund, og plutseleg dukka det opp ein finversdag innimellom regndagane. Vegen opp til Bøstølen er bomveg, og i det vegen kryssar elva over mot Bøstølen er det mogleg å parkere på venstre side. Kryss vegen og følg elva i retning Innfjorden, det er merka sti heile vegen opp til Tindevatnet. Etter å ha kryssa nokre myrparti, gikk stien rett til himmels!! Stien går meir eller mindre rett opp, så låra får kjaurt seg.

Oppe ved Tindevatnet var det på tide med ein liten matpause, før eg starta på neste etappe. Frå vatnet må ein over ein liten haug og litt ned før ein startar på knappe 600 høgdemeter, for det meste i urd.


Eg kryssa meg oppover i urda og ut på sørvestryggen. Så var det berre å krysse seg oppover og nyte utsikta. Fantastisk utsikt frå toppen, og artige pinnaklar rett under toppen!

Toppen i det fjerne
Tindevatnet


Nonstinden
Trollveggen
Molde langt der borte

Skjervan - kjempefint skifjell
Måndalen



Panoramatopp nr. 177 i boks!

Kommentarer