Litjkalken i Sunndal, 1389 moh.

I over 15 år har eg tenkt at eg må komme meg opp til Litjkalken i Sunndal. Etter at bobil-touren var avslutta tok eg turen opp dit i går. Starta ut frå Hoven på Sørsida av Driva. Derifrå er det skilta og fin sti opp til Hareimsdalen. Denne turen kan du lese meir om på morotur.no .

Ved starten av turen på Hoven, Hareimsdalen rett opp.


Vel oppe i Hareimsdalen på ca 700 moh møter ein gamle murar frå ei brakke tyskerane bygde under krigen. Derifrå går stien rett opp lia, først over ei urd, så vidare under Litjharemnebba før det stig bratt oppover igjen mot Litjharemdalen. Etter urda er stien lett å finne og følge, gjennom urda kan det vere litt vanskeleg å finne retninga, men stien er varda oppover. 

Utsikta frå murane i Hareimdalen.
Innover Hareimdalen, Storkalken gøymer seg bak urda til høgre.
Fin springesti mot Litjharemdalen.
Fin sti med utsikt til Hovsnebba, Dronninga, Kongen og Furunebba. 
Oppover Sunndalen
Fin lunsjplass!
Bratt motbakka heile turen!

Dronningens krone og Kongens krone.
Oppe i Litjharemdalen gjenstår det nokre hundre høgdemeter som går i urd. Stien er godt merka og varda. Oppe på platået er det nokre hundre meter med flatt og lettgått terreng til du står frampå kanten og ser rett ned på Sunndalsøra.

Hårstadnebba dukka opp når eg kom opp Litjharemdalen.
Langrabbpiken til venstre og Hårstadnebba til høgre.

Utsikta frå toppen er fantastisk! Den hadde vore enda betre i klårt ver, men eg seier som Lady Arbuthnott, "Herre min Gud for en dal han har skapt!".


På toppen av Litjkalken, ser rett ned på Sunndalsøra.

Grøvenebba til venstre og Hovsnebba midt i. 
Utover Sunndalsfjorden.













Kommentarer