Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2013

Panoramajakta held fram, Svartevassegga 599 moh og Frostadtinden 802 moh, Haram

Bilde
Etter å ha gjort ferdig ein haug med politiske saker bestemte eg meg for litt avspasering, og sette snuten over til den andre sida av fjorden. Køyrde til Fiksdal og tok av mot Vatne, og heldte fram så lenge det var motbakke og parkerte bilen oppe på Nakkereset. Derifrå sette eg kursen rett opp lia mot Svartevassegga, dagens første mål. Ikkje akkurat eit imponerande fjell, men det er no eingong ein panoramatopp! Forsette vidare fram mot ryggen som skulle ta meg opp til Frostadtinden. Men først, lunsjpause med utsikt til enda fleire panoramafjell, på Sunnmøre. Stien opp til Frostadtinden (den som kom frå Høgsetra i Skodje) var reine autostradaen! Null problem å finne vegen! Og, det ser ut til å vere ein veldig flott sykkeltopp for sommarsesongen! Aldeles nydleg utsikt på toppen! Turen gjekk vidare over heile ryggen og ned ryggen på austsida, ned til Vatneskaret og derifrå tilbake til bilen. Flott tur, utruleg behageleg at all myr er pinnfrose, er jo så lett å gå!!

Sprenghekling for Norsk Gåsehud

Bilde
Har bedrive sprenghekling etter jul for å ferdigstille ny ordre på hekla huå til Norsk Gåsehud AS i Kristiansund. No er butikken fyllt opp, løp til Skolegata 10 og kjøp!!

Panoramajakta held fram - Nonstind 1573 moh, Innfjorden Rauma

Bilde
Årets første skikkelege topptur er eit faktum! På søndag tok eg og naboen turen til Nonstind i Innfjorden, Rauma. Det er vel eit av få fjell med OK skiføre i strøket, og det var reine 17.mai-toget oppover lia. Steinhardt gjennom skogen og litt opp i lia, men etterkvart vart det, forholda teke i betrakning, rett så gode forhold! Kjempefin tur, men 360-graders utsikt! Meir om turen finn du på www.moro tur.no 

Stisykling i Januar

Bilde
Forrige veke var eg ute med sykkel og piggdekk, og sykla rundtomkring langs elva Røa inne på Hovdenakken. Kom over nokre flotte stiar og skogsvegar eg ikkje har sykla tidlegare, og noko av turen kunne eg gjere syklande PÅ elva. Å drive med stisykling i januar er IKKJE kvardagskost, men artig aktivitet medan ein ventar på vinteren!

Ettermiddagstur til Tusten

Bilde
Tok ein kjapp tur til Tusten idag etter å ha jobba frå den tidlege morgon. Aldeles nydeleg no til dags! Sjøl om skiføret manglar da....

Panoramajakta 2013 er igang! Oterfjellet 726 moh

Bilde
Det er desverre ikkje skiføre og vinter for tida, så derfor vart det fottur til Oterfjellet i helga. Fjellet ligg mellom Fiksdalen og Tomrefjorden, og eg starta frå Nakkereset. Fin tur i terreng for alle, og med rett så god utsikt! Moldepanoramatopp nr. 66 kan kryssast av! Utsikt mot Brustind og Ystetind Mot Blåskjerdingen Morgonstund ved Tomrefjorden, mot Midsund Endeleg kom sola! Utsikta frå toppen mot Molde og Midsund, Fræna og Gossen Nydeleg på fjellet no Fornøgd med å krysse ut ny topp!! Mange "ledige" fjelltoppar! Mot Molde